Regjeringa Lyng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Regjeringa Lyng var ei koalisjonsregjering med dei politiske partia Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. Regjeringa kom til makta etter at regjeringa Gerhardsen III den 28. august 1963 måtte gå av på grunn av mistillitsframlegg. Mistillita frå Stortinget kom på grunn av Kings Bay-ulukka. John Lyng si regjering måtte gå av etter kort tid, då partia på venstresida reiste mistillitsframlegg i samband med regjeringserklæringa. Regjeringa gjekk av 25. september 1963.

Verv Namn Parti Periode
Statsminister John Lyng Høgre
Utanriksminister Erling Wikborg Kristeleg Folkeparti
Statsråd for Løns- og prisdepartementet Ole Myrvoll Venstre
Statsråd for Justis- og politidepartementet Petter Koren Kristeleg Folkeparti
Statsråd for Sosialdepartementet Kjell Bondevik Kristeleg Folkeparti
Statsråd for Kyrkje- og undervisingsdepartementet Olaf Kortner Venstre
Statsråd for Kommunal- og arbeidsdepartementet Bjarne Lyngstad Venstre
Statsråd for Familie- og forbrukardepartementet Karen Grønn-Hagen Senterpartiet
Statsråd for Landbruksdepartementet Hans Borgen Senterpartiet
Statsråd for Fiskeridepartementet Onar Onarheim Høgre
Statsråd for Samferdsledepartementet Lars Leiro Senterpartiet
Statsråd for Forsvarsdepartementet Håkon Kyllingmark Høgre
Statsråd for Industridepartementet Kaare Meland Høgre
Statsråd for Finans- og tolldepartementet Dagfinn Vårvik Senterpartiet
Statsråd for Handels- og skipsfartsdepartementet Kåre Willoch Høgre

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Regjeringa Lyng hos Regjeringen.no, vitja 15. januar 2010