Regjeringa Stoltenberg II
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regjeringa Stoltenberg II er den norske regjeringa som vart danna under leiing av Jens Stoltenberg etter Stortingsvalet 2005. Regjeringa er ein koalisjon mellom Arbeidarpartiet (Ap), Senterpartiet (Sp) og Sosialistisk Venstreparti (SV). Regjeringa blir ofte kalla den raud-grøne regjeringa.
Då valresultatet viste at dei tre partia til saman fekk fleirtal i Stortinget, byrja regjeringsforhandlingar mellom dei tre den 26. september 2005 på konferansestaden Soria Moria i Oslo. Soria Moria-erklæringa er ei nemning på forhandlingsresultatet, som er det politiske grunnlaget for regjeringa.
Den nye regjeringa vart oppnemnd av Kongen måndag morgon den 17. oktober 2005 i eit møte med den nye statsministeren. Avtroppande statsminister Kjell Magne Bondevik leverte sin søknad om avskjed tidlegare på morgonen.
[endre] Regjeringsmedlemmer
Arbeidarpartiet (Ap) har fleirtalet i regjeringa med 10 ministrar, Sosialistisk Venstreparti (SV) har 5, og Senterpartiet (Sp) har 4. Frå 21. september 2007 er det ti kvinner og ni menn i ministerpostar. Dette er den første norske regjeringa med kvinnefleirtal. Manuela Ramin-Osmundsen vart 18. oktober 2007 den første ikkje-kvite norske statsråden1. Alle landsdelane er representerte, bortsett frå Sørlandet.
Slik er regjeringa samansett. Utanom statsministeren (Ap), utanriksministeren (Ap) og partileiarane frå SV og Sp, er ministrane rangert frå høgste til lågaste alder.
- Statsminister: Jens Stoltenberg (Ap)
- Finansminister: Kristin Halvorsen (SV)
- Olje- og energiminister: Åslaug Haga (Sp), til 21. september 2007 Odd Roger Enoksen (Sp)2
- Utanriksminister: Jonas Gahr Støre (Ap)
- Forskings- og høgare utdanningsminister: Tora Aasland (SV), til 18. oktober 2007 Øystein Djupedal (SV)3
- Kommunal- og regionalminister: Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), til 21. september 2007 Åslaug Haga (Sp)4
- Forsvarsminister: Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap)
- Miljø- og utviklingsminister: Erik Solheim (SV)5, til 18. oktober 2007 Helen Bjørnøy (SV)6
- Nærings- og handelsminister: Dag Terje Andersen (Ap), til 29. september 2006 Odd Eriksen (Ap)7
- Samferdsleminister: Liv Signe Navarsete (Sp)
- Arbeids- og inkluderingsminister: Bjarne Håkon Hanssen (Ap)8
- Fungerande Barne- og likestillingsminister: Trond Giske (Ap), til 15. februar 2008 Manuela Ramin-Osmundsen (Ap), til 18. oktober 2007 Karita Bekkemellem (Ap)9
- Justisminister: Knut Storberget (Ap)
- Kultur- og kyrkjeminister: Trond Giske (Ap)
- Helse- og omsorgsminister: Sylvia Brustad (Ap)
- Fornyingsminister: Heidi Grande Røys (SV)10
- Landbruks- og matminister: Terje Riis Johansen (Sp)
- Kunnskapsminister: Bård Vegar Solhjell (SV), til 18. oktober 2007 Øystein Djupedal (SV)3
- Fiskeri- og kystminister: Helga Pedersen (Ap)
Merknader:
- Ramin-Osmundsen er strengt definert likevel ikkje den første med innvandrarbakgrunn. Astrid Gjertsen i regjeringa Willoch var fødd i Danmark.
- 17. oktober 2005 - 21. september 2007 var Odd Roger Enoksen olje- og energiminster.
- 17. oktober 2005 - 18. oktober 2007 var Øystein Djupedal kunnskapsminister med ansvar for heile departementet. Frå 1. januar 2006 heitte departementet Kunnskapsdepartementet, før dette Utdannings- og forskingsdepartementet
- 17. oktober 2005 - 21. september 2007 var Åslaug Haga kommunalminister
- 17. oktober 2005 - 18. oktober 2007 var Erik Solheim utviklingsminister
- 17. oktober 2005 - 18. oktober 2007 var Helen Bjørnøy miljøvernminister
- 17. oktober 2005 - 29. september 2006 var Odd Eriksen næringsminister
- Frå 1. januar 2006 sjef for Arbeids- og inkluderingsdepartementet, tidlegare Arbeids- og sosialdepartementet
- Frå 1. januar 2006 sjef for Barne- og likestillingsdepartementet, tidlegare Barne- og familiedepartementet
- Frå 1. januar 2006 sjef for Fornyings- og administrasjonsdepartementet, tidlegare Moderniseringsdepartementet
Kjelde: Odin, departementsliste
| Føregjengar: Regjeringa Bondevik II |
Norske regjeringar (2005–)
|
Etterfylgjar: |

