Regjeringskvartalet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°54′54″N 10°44′45″E

Regjeringskvartalet frå Nygaardsvolds plass.
Til venstre Y-blokka - til høgre Høgblokka, begge teikna av Erling Viksjø i såkalla brutalistisk stil
Foto: J. P. Fagerback
Skadar på Olje- og energidepartementet etter terroråtaket i 2011
Foto: Alejandro Decap

Regjeringskvartalet er eit bygningskompleks ved Akersgata i Oslo sentrum der den norske statsministeren og dei fleste departementa i Noreg har kontora sine.

Den eldste bygningen er oppført av arkitekt Henrik Bull i 1901–1904 og var meint som del av eit monumentalt, jugendprega anlegg, der berre ei fløy vart bygd. Først i 1939 vart byggesaka teke opp att ved ein arkitektkonkurranse, vunnen av Erling Viksjø. Eit høghus på 15 etasjar (Høgblokka) vart oppført 1958, og påbygd med to etasjar 1990. I 1969 vart den såkalla Y-blokka (òg teikna av Viksjø) føydd til, delvis ved overdekking av Arne Garborgs plass. Dei nyare delane kravde riving av Empirekvartalet med hopsitalsbygningane til Christian H. Grosch, trass i protestar frå mellom andre Riksantikvaren. Den såkalla S-blokka, som vart reist der fengselet bak Møllergata 19 hadde lege, og stod ferdig 1978. I 1981 vart òg Møllergata 19 gjort til regjeringskontor og 1988 vart fjerde byggetrinn, R 4, utført. S-blokka og R 4 er teikna av Viksjøs Arkitektkontor A/S som då var leia av Per Viksjø. Det femte byggetrinnet, R 5, teikna av Torstein Ramberg, stod ferdig 1996.

6. byggetrinn har vore under oppføring i kvartalet mellom Teatergata og Munchs gate, teikna av BAD Arkitektar AS, og var planlagt ferdigstilt i 2012.

22. juli 2011 vart Regjeringskvartalet utsett for eit terroråtak som tok livet av åtte menneske. I åtaket vart det brukt ei bilbombe som påførde store materielle skadar på bygningane i Regjeringskvartalet og området rundt. Åtaka vart planlagt og utført av éin einskildperson, motivert av høgreekstremistisk og islamfiendtleg ideologi. Same dag skaut han og tok livet av 68 menneske på AUF sin sommarleir på Utøya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Regjeringskvartalet