Regnbogedunfot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regnbogedunfot
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av regnbogedunfot
Utbreiinga av regnbogedunfot
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Heliantheini
Slekt: Eriocnemis
Art: Regnbogedunfot E. mirabilis
Vitskapleg namn
Eriocnemis mirabilis

Regnbogedunfot (Eriocnemis mirabilis) er ein sterkt truga kolibriart som berre er kjent frå tre små og isolerte leveområde i vestre Andes i Cauca-departementet i sørvestre Colombia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein uvanleg fargerik dunfotkolibri i slekta Eriocnemis, med kroppslengd på 8 til 9 centimeter. Kjønna har stor skilnad i fjørdrakt. Mykje av fjørdrakta til hannfuglen er i grønt, med iriserande grøn strupe, men buken og kroppsidene har kraftig metallisk blåfarge, undergumpen er glitrande raud og koparfarga. Fjørduna rundt beina er store og kvite. Hoa har nær kvit underside med grøne flekker i strupen og brystet, samt små raude, oransje og blå flekker på buken, kroppssidene og undergump. Nebbet er rettpeikande og svart.

Habitatet ligg i fuktig, subtropisk tåkeskog og i utkanten av skogen, ca. 2200 til 2440 moh.

Storleiken på populasjonen er estimert til mellom 350 og 1500 individ totalt innanfor dei tre leveområda på 31 kvadratkilometer, og han er minkande. Arten er kategorisert som sterkt truga (EN) av BirdLife International.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]