Regnbogehinne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Regnbogehinna)
Regnbogehinna hjå eit menneske med pupill i midten.
Skjematisk framstilling av auge med iris markert.

Regnbogehinna eller iris er den farga delen av auget rundt pupillen hjå menneske og andre virveldyr. Hinna er ein tynn membran som skil det fremre og bakre augekammeret. Regnbogehinna er saman med strålelekamen (corpus ciliare) og årehinna (choroidea) ein del av uvea, den pigmenterte delen av auget.

Pupillen i midten av regnbogehinna er eit hól som musklar regulerer storleiken på etter lysstyrke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«regnbuehinne (SML-artikkel)» i Store norske leksikon, snl.no. «uvea (SML-artikkel)» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Regnbogehinne
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.