Regnskugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein regnskugge (eller meir nøyaktig ein nedbørsskugge) er eit tørt område på jordoverflata som ligg på lesida av eit fjell i forhold til den rådande vindretninga. Når fuktig luft stig mot toppen av ei fjellrekkje eller eit stort fjell, vil lufta avkjølast og kondensere til regn eller snø. Denne nedbøren fell på sida av fjellet som vender mot vindretninga. Denne prosessen vert kalla orografisk heving. Lufta som så strøymer over på lesida av fjellet og søkk ned er mykje tørrare og gjev som regel ikkje nedbør. Dette skapar eit tørt område på lesida av fjell.

Område kjende for regnskuggar[endre | endre wikiteksten]

Ein finn mange område rundt om i verda med vedvarande vind innanfor visse vindretningar. Passatvinden er ein austleg vind som bles i ei sone mellom 30ºN og 30ºS. Mellom 30º og 65º har ein vestavindsbeltet.

Europa[endre | endre wikiteksten]

Skjåk er eit av dei tørraste områda i Europa.
  • Skjåk, som ligg i den djupe Ottadalen nord i Oppland, er kjend for lite nedbør. Både Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell ligg i områda rundt Skjåk, og staden er så godt som verna for nedbør frå alle vindretningar. Dette fører til ein regnskugge i Skjåk, som har ein årleg nedbørsnormal på 278 mm, som er lågare enn Sahara.
  • Dei cantrabriske fjella nord i Spania fører til eit skarpt skilje mellom det «grøne Spania» og det tørre sentrale platået. Fjellsida som vender mot Biscayabukta får mykje nedbør, medan sørsida ligg i regnskuggen.

Asia[endre | endre wikiteksten]

Sør-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Afrika[endre | endre wikiteksten]

  • Austsida av Madagaskar har austleg pålandsvind og vått, tropisk klima, medan vest- og sørsida av øya ligg i regnskuggen til dei sentrale fjella og har mange ørkenområde.

Oseania[endre | endre wikiteksten]

  • Ny-Caledonia ligg tvers over Steinbukken sin vendekrins, mellom 19° og 23° sør. Klimaet på øya er tropisk og regnet kjem med passatvinden frå aust. Vestsida av Grande Terre ligg i regnskuggen til dei sentrale fjella, og nedbørmengda er mykje lågare.
  • Hawaii har enkelte ørkenområde. Orografisk heving fører derimot til ein av dei høgaste nedbørsnormalane (12,7 meter) på øya Kauai, men lesida av øya ligg i regnskuggen. I tillegg ligg heile øya Kahoolawe i regnskuggen til vulkanen East Maui.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]