Regntid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Regntida)
Diagram over nedbørsmengda i Darjeeling i India gjennom året.

Regntid er ei årstid der størstedelen av nedbøren i eit område fell. Ein finn område med regntid og tørketid i tropiske og subtropiske område. I område med monsun- eller savanneklima finn regntida stad i den varme delen av året, medan middelhavsklima har nedbørsrike vintrar. Nokre stader som er dekte av den intertropiske konvergenssona får ein pause mellom to regntider når dei er under høgtrykkssona mellom dei to konvergenssonene. Tropisk regnskogsområde har ikkje regntid, ettersom nedbøren fell jamnt heile året.

Florence Falls i Australia under regntida.

Under regntida blir kvaltiteten på luft og ferskvatn betre, plantar veks mykje og dyr blir meir aktive. Regnet kan også vaska vekk næring og føra vekk jordsmonnet, medan den auka vassmengden kan gje flaum.


Vår Sommar Haust Vinter Regntid Tørketid
Årstidene

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Regntid» frå Wikipedia på engelsk, den 31. januar 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: Glossary of Meteorology (2009). Rainy season. Retrieved on 2008-12-27.
    • PhysicalGeography.net (2008). CHAPTER 9: Introduction to the Biosphere. Retrieved on 2008-12-27.
    • Blue Planet Biomes (2003). World Climates. Retrieved on 2008-12-27.
    • J . S. 0GUNT0YINB0 and F. 0. AKINTOLA (1983). Rainstorm characteristics affecting water availability for agriculture.
Spire Denne meteorologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.