Regulator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein regulator er eit automatisk verkande apparat som tener til å utlikne ikkje-periodiske (tilfeldige, uregelmessige) svingingar i gongen eller tilstanden til ei maskin eller eit maskinanlegg.

  • Ved kraftmaskinar held hastigheitsregulatoren fast på omdreiingstalet til maskina ved endringar i belastning ved å forandre den tilførte energien.
  • Trykkregulator eller barostat held fast på trykket i pumpeanlegg for vatn, luft, gass, ved forandring av transportmengda, anten ved å forandre omdreiingstalet til maskina eller motstanden i røyrleidninga. Ved større dampkjelar blir trykksvingingane i hovuddampleidninga brukt til regulering av fyringa (brennstoffmengd, forbrenningsluftmengd og røykgassamansetnad).
  • Vasstand blir halde konstant ved ein vasstandsregulator, som verkar på matepumpa.
  • Temperaturregulator, termostat, held temperaturen konstant ved å regulere forbrenning, kople ut og inn elektrisk varmeelement eller liknande.

Ved kombinasjon av ulike regulatoranordningar er ein i stand til å utstyre store anlegg med ei fullt automatisk regulering og utlikning av belastningssvingingar. Regulatorar blir dessutan brukt om alle apparat som tener til å regulere gongen til ei maskin, utstrøyming av væske eller gass, straumstyrken i ein krins osv.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]