Rehov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rehov
arkeologisk stad
Hebraisk inskripsjon frå Tel Rehov
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Del av Beth Shean Valley
Koordinatar 32°27′26″N 35°29′54″E / 32.457125°N 35.498242°E / 32.457125; 35.498242
Kart
Rehov
32°27′26″N 35°29′54″E / 32.457125°N 35.498241666667°E / 32.457125; 35.498241666667
Wikimedia Commons: Tel Rehov

Rehov, òg kalla Rehob,[1] var ein viktig by i bronse- og jernalderen i Tel Rehov (hebraisk תל רחוב) og ein arkeologisk stad i Jordandalen i Israel, kring 5 km sør for Beit She'an og 3 km vest for Jordanelva. Ein av dei største by-haugane frå antikken i Israel ligg her, med eit areal på 120 000 m² og delt inn i ein «Øvre by» (40 000 m²) og ein «Nedre by» (80 000 m²). Det eldste kjende funnet av biavl i verda er funne i Rehov.[2] Rehov var ein felles israelittisk-kanaanittisk by, og det er estimert at folketalet var 2 000.

Arkeologiske utgravingar[endre | endre wikiteksten]

Ein har utført arkeologiske utgravingar i Rehov nesten kvart år sidan 1997, leia av Amihai Mazar, som er professor ved arkeologisk institutt ved Hebraisk universitet i Jerusalem, og hovudsakleg betalt av John Camp.

Rehov har vist å vere eit viktig arkeologisk funn. Nivåa frå jernalderen II har særleg vist å vere ein viktig del i den pågåande debatten om tidsavgjersla Det samla kongedømet Israel av Israel. Det er gjort viktige funn frå tidleg bronsealder, sein bronsealderen og mellomalderbusetjinga på staden.

Eldgamle bikubar[endre | endre wikiteksten]

I september 2007 vart det rapportert om eit funn av 30 intakte bikubar og restar av 100-200 fleire frå midten av 900-talet fvt. og tidleg på 800-talet fvt. i ruinane av Rehov.[3] Bikubane var bevis for ein avansert honningproduserande biavlsindustri (jordbruk) for 3000 år sidan. Bikubane, som var laga av strå og leire, vart funnen i metodiske rekkjer på 100 bikubar.[4] Tidlegare har referansar til honning i gamle tekstar frå regionen (som uttrykket «landet av mjølk og honning» i Det gamle testamentet) trudd å berre ha synt til honning frå dadlar og fiken. Oppdaginga har bevist kommersiell produksjon av bihonning og bivoks.

I tillegg til bikubar vart det funne restar av bier og bilarver og pupper. Ved hjelp av DNA frå restane av bier på staden, fann forskarar i 2010 at biene var underartar som likna på anatolisk bier, som ein no berre finn i dagens Tyrkia. Det kan hende at beitelandet til biene har endra seg, men meir truleg er det at innbyggjarane i Tel Rehov importerte bier fordi dei var mindre aggressive enn dei lokale bien og høvde betre for honningutbytte (tre ti låtte gonger meir enn naturlege israelske bier).[5]

Arkeologiske funn syner òg omfattande handel mellom Israel og det austlege Middelhavet og teknikkar for overføring av bier i store keramikkvasar eller berbare bikubar. Eit assyrisk stempel frå 700-talet fvt. syner at biene vart frakte 400 km sørover frå Tyrenfjella sør i Tyrkia.[6]

Bikubane vart daterte ved hjelp av karbon-14-metoden ved Universitetet i Groningen i Nederland, ved hjelp av organisk stoff (kveite funnen nær bikubane).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Avraham Negev; Shimon Gibson (July 2005). Archaeological encyclopedia of the Holy Land. Continuum International Publishing Group. s. 434. ISBN 978-0-8264-8571-7. Henta 3. oktober 2010. 
  2. Oldest known archaeological example of beekeeping discovered in Israel, arkivert frå originalen 17. november 2015, henta 14. februar 2015 
  3. Friedman, Matti (4. september 2007), «israelske arkeologs find 3 000-year-old bikubar" in USA Today, Henta 14. februar 2015
  4. Mazar, Amihai and Panitz-Cohen, Nava, (December 2007) It Is the Land of Honey: Beekeeping at Tel Rehov Arkivert 2017-06-20 ved Wayback Machine. Near Eastern Archeology, Volume 70, Number 4, ISSN 1094-2076
  5. Bloch, Guy (June 2010). «Industrial apiculture in the Jordan valley during Biblical times with Anatolian honeybees». Proceedings of the National Academy of Sciences 107 (25): s. 11240–11244. doi:10.1073/pnas.1003265107. Henta 1. oktober 2014. 
  6. Biblical buzz - Jerusalem Post

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]