Reichenspitze

Koordinatar: 47°8′21″N 12°6′38″E / 47.13917°N 12.11056°E / 47.13917; 12.11056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reichenspitze
fjell
Reichenspitze i midten til høgre, med grannetoppen Gabler i midten til venstre
Land  Austerrike
Fjellkjede Zillertalalpane
Høgd 3 303 moh.
Primærfaktor 683 m m
Førstestiging 1856
Koordinatar 47°8′21″N 12°6′38″E / 47.13917°N 12.11056°E / 47.13917; 12.11056
Kart
Reichenspitze
47°08′21″N 12°06′38″E / 47.1392°N 12.1106°E / 47.1392; 12.1106
Wikimedia Commons: Reichenspitze

Reichenspitze er ein 3 303 meter over havet høg fjelltopp aust i Zillertalalpane, på grensa mellom dei austerrikske forbundslanda Tirol og Salzburg. Fjelltoppen er den høgste i dei såkalla Reichenspitz-fjella og byr på eit vidt utsyn.

Reichenspitze reiser seg på ein langsgåande fjellrygg, der det 3 263 moh høge Gabler ligg i nærleiken på nordaustegga, medan Richterspitze (3 052 moh) er søraust på egga. På nordvestegga står den 3 278 meter over havet høge Wildgerlosspitze.

Ein no ukjend, namnlaus bonde frå Prettau i Tauferer Ahrntal klatra i 1856 opp austveggen og vart fyrstemann til topps på Reichenspitze.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]