Reidar Aulie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reidar Aulie

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. mars 1904
Christiania
Død

23. november 1977 (73 år)
Oslo

Yrke kunstmålar, universitetslærar
Reidar Aulie på Commons

Reidar Aulie (13. mars 190423. november 1977) var ein norsk målar. Han vart særleg kjend for kunstverk han laga under den nazi-tyske okkupasjonen 1940-45. Mange av måleria hans er elles fulle av symbol og dermed ofte opne for ulike tolkingar. Juristen Andreas Aulie var ein eldre bror.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Aulie voks opp i ein middelklasseheim i Oslo. Etter eksamen i 1927 reiste han og medstudenten Bjarne Ness til Paris, men Ness døydde kort etter av tuberkulose. Same året debuterte Aulie på Høstutstillingen i Oslo. I 1930-åra måla Aulie bilete med sosialistisk innhald, og han tok parti med arbeidarrørsla i den politiske og sosiale striden. All sin dag seinare var han oppteken av den jamne mann og portretterte denne med sterk innleving. Han illustrerte fleire av Ingeborg Refling Hagen sine bøker og verk av dansken Martin Andersen Nexø. Vidare måla han det kjende fondbiletet av Henrik WergelandStein skoleRomerike.

Aulie busette seg i 1936 i Maridalsveien i Oslo, der han budde livet ut, med atelieret sitt på eigedomen. I tida 1940-45 laga han fleire minneverdige verk, då han i periodar låg i dekning på eit gardsbruk i Eidsberg som tilhøyrde ein svoger. Særleg i 1943, då Aulie måla verk som 9. april 1940, og seinare Morgenappell på Grini, var han aktiv. For desse måleria vart han vinteren 1945 arrestert og sett i Grini fangeleir, då dei ikkje vart tolerert av den tyske sensuren.

Aulie laga elles industrimotivet som prega baksida av 500-kronesetelen utgjeven av Noregs Bank i tida 1948–76. I 1950 måla han fresken Arbeiderbevegelsens historie i Oslo Rådhus. Frå 1958 var han professor ved Statens kunstakademi, der han åra 1965 til -71 var rektor. I 1964 vart han tildelt den svenske Prins Eugen-medaljen for sitt kunstnariske arbeid.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]