Reidar Svein Sigmond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reidar Svein Sigmond
Fødd 23. oktober 1931 (92 år)
Yrke fysikar

Reidar Svein Sigmond (fødd 23. oktober 1931 i Oslo) er ein norsk pensjonert fysikar. Han har mellom anna arbeidd med gassutladingsfysikk, mellom anna utladningar og overslag i høgspenningsanlegg og om korleis lynnedslag går føre seg.

Han tok utdanning som sivilingeniør ved NTH i 1956 og var dosent her frå 1965 til 1984, og frå 1985 professor i teknisk fysikk.

Han viste ved målingar under høgspenningslinjer gjennom det radioaktive området rundt Tsjernobyl-reaktoren at slike kraftlinjer i særs liten grad produserer eller fell ut moglege helseskadelege kjemikaliar frå lufta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]