Reidun Brusletten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reidun Brusletten
Fødd29. november 1936 (87 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv
  • Norsk utviklingsminister (1983–1986)
  • vararepresentant til Stortinget (1977–1981) Sjå dette på Wikidata

Reidun Brusletten (fødd 29. november 1936 i Oslo) er ein norsk tidlegare lærer og politikar for KrF. Ho tok lærareksamen i 1959, arbeidde i skuleverket 1959–1999, og var medlem av kommunestyret i Nes 1975–1979 og 1991–1999. Reidun Brusletten var medlem av Buskerud fylkesting 1979–1991, av fylkesutvalet 1979–1983 og 1987–1991. I 1977-1981 var ho vararepresentant til Stortinget frå Buskerud.

I 1993 kom ho med i Regjeringa Willoch som konsultativ statsråd for utviklingshjelp. Ho var utviklingsminister 1984–1986. Ho var medlem av Norsk kulturråd 2001–2004. Ved kommunevalet i 2011 vart ho på ny medlem av kommunestyret i Nes kommune.

Brusletten hadde ei rekkje verv i KrF. Ho var mellom anna medlem i sentralstyre 1985–1990. Ho har og hatt ei rekkje verv, offentlege og i organisasjonar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]