Reigate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Reigate

Reigate Heath Windmill
Reigate Heath Windmill
Plassering
Reigate is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Surrey
Distrikt Reigate and Banstead
Geografi
Innbyggjarar
 - By (200)

21 820
Koordinatar 51°14′″N 0°11′″WKoordinatar: 51°14′″N 0°11′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer RH2
Telefon-retningsnummer 01737
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Reigate

Reigate er ein by i Surrey i England. Han ligg nær London, og ein stor del av den yrkesaktive folkesetnaden er pendlarar.

Vilhelm Erobraren gav området rundt Reigate til ein av offiserane sine, William de Warenne, som vart første jarl av Surrey i 1088. Sonen hans, William de Warenne, 2. jarl av Surrey, var truleg ansvarleg for at Reigate Castle vart reist. Dette var berre eit støttepunkt; familien hadde hovudresidens i Lewes i Sussex.

Omkring 1150 grunnla de Warenne ein ny by, Reigate, nedanfor slottet. Ei mindre busetjing i nærleiken, Cherchefelles, vart erstatta av denne nye byen. Ein trur namnet Reigate kjem frå Roe-deer Gate (rådyrporten), då byen låg rett ved inngangen til rådyrparken til de Warenne, som no er delt inn i Priory Park og Reigate Park. Det blir at fortalt før Magna Carta vart signert i 1215 møttest dei opprørske baronane i hòler under slottet for å klargjere detaljane i dokumentet. Slottet byrja å forfalle, og i 1648 vart det rive.

På 1200-talet vart Reigate Priory, eit kloster for regulære kannikar frå Augustinerordenen, oppretta. I 1535, under oppløysinga av klostra, gav Henrik VIII klostret og eigedomane til William Howard, 1. baron Howard av Effingham, som gjorde det om til residensen til familien. Slekta levde der i over 140 år, og etterkommerne inkluderte Charles Howard, 1. jarl av Nottingham, som hadde kommandoen over styrken som sigra over den spanske armadaen. Bygningen blir no brukt som skule.

Ein av dei kjende «borgarane til byen» er papegøyen Charlie, som skal ha vorte lært opp til å forbanne Hitler av Winston Churchill. Ein meiner at Charlie er den eldste fuglen i Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]