Rein da Curnera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rein da Curnera
elv
Reservoaret Lai da Curnera med Rein da Curnera
Land  Sveits
Kanton Graubünden
Tilløp
 - venstre Rein da Maighels
Lengd km
Kjelde Fleire kjelder og isbrear i sørenden av dalen
 - koordinatar 46°34′54″N 8°42′55″E / 46.58167°N 8.71528°E / 46.58167; 8.71528
Munning Samløp med Vorderrhein
 - stad Tschamut i Tujetschdalen
 - koordinatar 46°39′9″N 8°42′43″E / 46.65250°N 8.71194°E / 46.65250; 8.71194
Kart
Rein da Curnera
46°39′09″N 8°42′43″E / 46.6525°N 8.71194°E / 46.6525; 8.71194

Rein da Curnera (tysk Curnerarhein) er ei sideelv til Vorderrhein frå høgre og ei av dei viktigaste kjeldeelvane til Rhinen. Ho får igjen vatn frå fleire kjelder og brear i sørenden av dalen. Elva er kring 8 km lang og renn nordover gjennom Val Curnera. Om lag halvvegs langs elva vart det bygd ei demning av Kraftwerke Vorderrhein AG (det lokale kraftlaget). Her tar Rein da Curnera imot Rein da Maighels frå venstre.

Rein da Curnera munnar ut i Vorderrhein nær Tschamut i Tujetschdalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]