Reinheitsgebot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Reinheitsgebot er ein lov om ølbrygging som blei oppretta i Bayern i 1516. Loven seier at ein ikkje skal laga øl av anna enn vatn, gjær, malt og humle.

Reinheitsgebot vart skriven og signert av Vilhelm IV av Bayern i Ingolstadt og er den eldste matlova som framleis er i bruk.

I ei norsk lov av 28. juni 1912 om tilverking, innføring og skattlegging av øl heitte det i § 2 at øl for sal ikkje (utan samtykke frå departementet) kunne innehalde andre stoff en vatn, malt, humle og gjær. Noreg måtte oppgje reinheitslova i 1994, etter at Europadomstolen hadde sagt at lova var til hinder for fri handel.

Spire Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.