Reinhold Bachler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reinhold Bachler


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 26. desember 1944 (79 år)
Eisenerz
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1976, Skihopping under Vinter-OL 1968 – Normalbakke

Utmerkingar

ærestegn i sølv av Ærestegnet for fortjenester

Reinhold Bachler (fødd 26. desember 1944) er ein austerriksk tidlegare skihoppar frå Eisenerz i Steiermark. Han vann olympisk sølvmedalje i normalbakken under vinter-OL 1968 i Grenoble. Året før sette han verdsrekord i skiflyging med 154 meter i Vikersundbakken.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bachler vart lagt merke til internasjonalt då han i 1966 kom på fjerdeplassen under hopprennet i Lahti. Under verdsmeisterskapen i Holmenkollbakken same sesongen vart han nummer tolv. Han kom på sjuandeplass i Holmenkollrennet 1967, og overraska stort då han straks etter i Vikersundbakken smelte til med 154 meter og forbetra den eittårgamle verdsrekorden i skiflyging, tilhøyrande Lars Grini, med fire meter.

Året etter tok Bachler sølv i normalbakkerennet under Nordiske greiner under OL i Grenoble, Jiří Raška frå Tsjekkoslovakia vann rennet. Bachler deltok kvart år i den tysk-austerrikske hoppveka, men presterte heile tida svært ujamt. To gongar kom han på pallen, begge i nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen (1967 og 1968).

Fyrste halvdelen av 1970-åra makta ikkje Bachler å hevde seg mot den ypparste verdseliten. I 1975 kom han på tredjeplass i Lahti, eit renn som hans landsmann Karl Schnabl vann. Bachler måtte vente til 1975/76 før han atter kunne stige på sigerspallen den tysk-austerrikske hoppveka, han vart då nummer tre i renna i Oberstdorf og i Innsbruck, og han vart og nummer tre samanlagt i hoppveka. Det var fyrste gongen han plasserte seg mellom dei ti beste i ei hoppveke, året etter vart han samanlagt nummer åtte, i si siste hoppveke.

Under vinter-OL 1976, på austerriksk snø i Innsbruck, hoppa Bachler for Austerrike i begge bakkane, og kom frå det med ein femteplass og ein sjetteplass.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]