Reinleiksmålet karat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Karat.
Gullur med stempel som viser at reinleiken 14 karat eller 0,585 (58,5 % gull)
22-karatstempel i ein indisk ring.

Karat (forkorta kt eller ct for engelsk carat[1]) er eit mål for reinleiken eller finleiken av gullegeringar.

Mål[endre | endre wikiteksten]

Som eit mål på reinleik er ein karat reinleik etter masse:

kor

er karatmålet for materialet,
er massen av reint gull eller platina i materialet, og
er totalmassen til materialet.

24-karat gull har derfor ein reinleik på (99,9 % Au w/w), 18-karat gull har 75 % gull, 12-karat gull har 50 % gull, osb.

Historisk, i England, vart karat delt inn i 4 grains, og ein grain vart delt inn i 4 quarts. Til dømes, ei gullegering med finleik (som har 99,2 % reinleik) kunne ha blitt omtalt som 23-carat, 3-grain, 1-quart gull.

Karatsystemet blei gradvis komplementert eller avløyst av tusendels-finleikssystemet der reinleiken er oppgitt som tusendelar av reint metall i legeringa.

Ein barre reint gull, 24 karat eller 999,9.

Dei vanlegaste karata nytta i gull er i barrer, smykkelaging og av gullsmedar er:

  • 24 karat (millesimal fineness 999 eller høgare)
  • 22 karat (millesimal fineness 916)
  • 21 karat (millesimal fineness 875)
  • 20 karat (millesimal fineness 833)
  • 18 karat (millesimal fineness 750)
  • 15 karat (millesimal fineness 625)
  • 14 karat (millesimal fineness 585)
  • 10 karat (millesimal fineness 417)
  • 9 karat (millesimal fineness 375)
  • 8 karat (millesimal fineness 333)
  • 1 karat (millesimal fineness 042)

Terminologi[endre | endre wikiteksten]

India[endre | endre wikiteksten]

22/22K - eit kvalitetsstempel som indikerer kor reint gullet er. Bruken er veldig populær i India. Denne terminologien for å oppgi reinleil vart først tatt i bruk av dei store juvelarane og vart seinare gitt vidare til gullsmedane. Det første 22-talet refererer til kor reint det øvste laget (Skin purity) er på gullsmykke. Det andre 22-talet refererer til at etter nedsmelting vil reinleiken av gullsmykket vere 22 karat eller 91,67% reint gull. Systemet er nytta til å syne konsistensen i gullkvaliteten.

Denne bruken vart utvikla og tatt i bruk tidleg på 1980-talet av Nemichand Bamalwa & Sons i Kolkata. Det førte til ein revolusjon i India i det det tvinga juvelerane til oppgi det riktige gullinnhaldet etter nedsmelting. Kundane sin auka interesse for kvalitet gjorde dette til det mest ettertrakta kvalitetsstempel eller -merke.

Dette symbolet eller stempelet er særs populært i gullsmedbutikkar i asiatiske land som India, Sri Lanka, Pakistan, Bangladesh, Nepal, Yemen og landa ved Persiabukta.

Chuk Kam[endre | endre wikiteksten]

Chuk Kam (足金) på kantonsk tyder reint gull, ordrett 'eksakt gull'. Det er definert som minst 99,0% gull med ein tillaten 1,0% negativ toleranse.[2][3] Gullinnhaldet er garantert ved Certificate of Gold ved kjøp i Hong Kong og Macau.

USA[endre | endre wikiteksten]

I USA har Federal Trade Commission (FTC) lovgitt og standardisert karatmerkinga nytta i om lag 70 år. Etter denne skal objekt med 10 karat eller meir vere stempla med anten «K» eller «Kt.» Desimalmerking er òg mogleg etter CFTC-reglane. Det er forbode ved lov å oppgi for høg karat i USA. Straffa, i form av bøter og liknande, er avhengig av kor alvorleg overskridinga er.

I tillegg er det ein del ekstra krav knytt til karatmerkinga i USA (alltid merkt med ein «K» og aldri «C») som avheng av ulike krav til lodding når ein til dømes sett inn steinar, monterer kroner eller sett på utstikk.[4]

Internasjonale karatmål for gullsmykke[endre | endre wikiteksten]

Region[2] Typiske karatmål (finleik)
Arabarlanda, Fjerne austen (China, Hong Kong, Taiwan) 24 karat Chuk Kam (99,0% min)
Arabarlanda, Bangladesh, India, Pakistan og Sri Lanka 22 karat (91,6%)
Arabarlanda ved Persiabukta 21 karat (87,5%), 18 carat (75,0%) i det meste av Egypt
Sør-Europa / Mellomhavslanda 18 karat (75,0%)
Nord-Europa / USA etc 8-18 karat (33,3 - 75,0%)
Russland / tidlegare USSR 9 (37,5%) og 14 karat / gammal 583 og ny 585 проба (58.5%)
Portugal 19,2 carat (80,0%)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. I USA og Canada er stavinga karat nytta, medan i Storbritannia skriv ein carat
  2. 2,0 2,1 World Gold Council (2003)
  3. Fallon, (2006)
  4. Title 16: Commercial Practices: PART 23—GUIDES FOR THE JEWELRY, PRECIOUS METALS, AND PEWTER INDUSTRIES, arkivert frå originalen 26. april 2011, henta 29. august 2010 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Reinleiksmålet karat