Reinsvatnet i Lillehammer

Koordinatar: 61°12′57″N 10°36′57″E / 61.21583°N 10.61583°E / 61.21583; 10.61583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reinsvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommunar Lillehammer, Øyer
Høgd over havet 905 moh.
Areal 3,87 km²
Kystlengd1 11,09 km
Koordinatar 61°12′57″N 10°36′57″E / 61.21583°N 10.61583°E / 61.21583; 10.61583
Kart
Reinsvatnet i Lillehammer
61°12′57″N 10°36′57″E / 61.215833°N 10.615833°E / 61.215833; 10.615833
Wikimedia Commons: Reinsvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Reinsvatnet er ein innsjø som ligg i kommunane Lillehammer og Øyer i Innlandet.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Reinsvatnet vart bygsla frå 1660-talet av Storhove og Sør-Hove, nokre år seinare òg av Smestad. I 1726 vart Reinsvatnet seld til Lars Haave og Thord Smestad ved ein auksjon på Elstad i Ringebu. I 1921 gjekk Staten til sak mot eigarane med påstand om at Reinsvatnet ikkje var undergjeve privat eigedomsrett, dernest at kongeskjøtet berre overdrog fiskeretten og ikkje eigedomsretten. I 1922 vart eigarane kjent eiendomsberettiga til Reinsvatnet og Staten vart ilagt saksomkostningar.

I 1978 vart det open ferdsel for ålmenta til stangfiske mot løysing av alminneleg fiskekort for Fåberg Østfjell.

Reinsvatnet er framleis i privat eige, sameige består av 4 eigarar. Eidsiva energi eigde i mange år ein fjerdepart i sameige, men selde sin del i 2005 til ein privatperson.

Fiske og forvaltning[endre | endre wikiteksten]

  • Fiskeartar. Sik, aure, åbor (sjeldan), ørekyte
  • Fiskereiskap. Storruse, botngarn, flytegarn, not, oter, stong

Forvaltinga av Reinsvatnet krev ein vedvarande sterk beskatning, først og fremst av sikbestanden. Etter innførsel av storrusa har ein sett ein markant kvalitetsbetring av både sik og aure. Berebjelken i forvaltinga er storruse- og garnfisket.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.