Reiskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein reiskap eller eit verktøy er eit hjelpemiddel ein bruker til å utføra eit arbeid, gjerne eit mekanisk arbeid. Ein trudde lenge at evna til å bruka reiskap skilde menneska frå dyra. Seinare har ein funne at både fleire primatar, særleg sjimpansar, og fuglar som ramnar kan ta i bruk enkle ting som reiskap. Mange antropologar meiner at ein fri tommel til å halda reiskapar med og intelligens til å bruka dei har drive menneskeslekta si utvikling framover.

Reiskapar gjer oss ferdigheitar me ellers ikkje ville hatt, som styrke til å slå ein spiker inn i ein vegg eller ein egg skarp nok til å skjera i tre. På grunn av dette kan reiskapar òg nyttast som farlege våpen. Ordet reiskap er i slekt med det norrøne ordet reiðskapr, som tyder kamputstyr.

Ulike reiskapar[endre | endre wikiteksten]

Dei gamle jordbruksreiskapane sigd og ljå