Rekhta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rekhta (persisk skrift ریختہ rekhta, devanagari रेख़्ता rekhtā) var ei litterær form av hindustani som var skrive med det persiske alfabetet. Moderne urdu stammar frå rekhta.

Rekhta vart danna i Delhi-området på 1700-talet. Persisk, som hadde vore hoffspråk hjå mughalane i mange hundreår, hadde slutta å vera morsmål for dei fleste adelsmennene, og hadde dimed mist fotfestet sitt som eit litterært språk. Rektha vart danna for å erstatta persisk, og blanda dialektane av hindustani som vart tala i Delhi og nærområdet, med mange persiske lånord og litterære verkemiddel.

Frå byrjinga var det ei usemje over kor stor påverknad hindustani laut ha på rekhta. Nokre diktarar, som Mir Taqi Mir, meinte at rekhta laut vera meir folkeleg og kvardagsleg, og brukte ei språkform som hadde fleire hindustaniord. Andre meinte motsett, at språket laut følgja adelsmenn sin forfina tale. Dei meinte at språket laut omfatta berre dei få orda av hindustanisk opphav som adelsmenn brukte. I nokre tekstar som brukte ei ekstrem form av denne normalen, er dei einaste hindustaniorda postposisjonane og hjelpeverba. Framleggsstillarane for denne norma meinte òg at alle ord av persisk eller arabisk opphav laut ha stavinga og tydingane dei hadde i dei originale språka sine, sjølv om dei hadde fått ei ny tyding eller uttale på rekhta. På 1740-talet fekk denne andre språkforma tilnamnet "zaban-e-urdu-e-mualla" ("språket til den kongelege festninga", dvs til den raude borga der kongeætta budde).

Det var endeleg ei meir moderat form av "zaban-e-urdu-e-mualla" som vann språkstriden. Frå 1750-talet byrja rekhta å verta meir og meir påverka av persisk, og namnet til språket vart til "urdu" på slutten av 1700-talet. Namnet "rekhta" vart brukt i tillegg til "urdu" i nokre år, men gjekk ut av bruk over tida. Frå 1850-talet vidare var "urdu" det einaste namnet som vart brukt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • S.R. Faruqi: "Unprivileged Power: The Strange Case of Persian (and Urdu) in Nineteenth-Century India", Annual of Urdu Studies, 1998, Vol. 13 (tilgjengeleg på nettet)
  • A. Rai, A house divided: The origin and development of Hindi-Urdu, 1991, Oxford University Press, London.
  • G. A. Zograph: Languages of South Asia, 1960 (translated by G.L. Campbell, 1982), Routledge, London.