Reklame

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reklame kjem av det latinske ordet reclamare, som tyder å ropa høgt. Ein definisjon som vert brukt på reklame, er: «Ein bodskap med identifiserbar sendar, på ein betalt plass i eit massemedium, som har som føremål å oppnå ein økonomisk transaksjon».

Bodskapen kan ha form som ein annonse i ei avis, som ein «spot» på TV eller i radio, som ein brosjyre eller ei reklameavis som vert levert i postkassa, eller som eit skilt eller ein plakat på ein offentleg stad. Bodskapen er masseprodusert og blir distribuert i ei standardisert form til alle mottakarane gjennom den aktuelle mediekanalen.

Forvitnelege fakta[endre | endre wikiteksten]

Verdas største reklameskilt[endre | endre wikiteksten]

Det største reklameskiltet som nokon gong er sett opp, målte 823×123 m, og vart reist på Yangtze-elva i Chongqing i Kina. Men sjølv om det var stort, var det få som fekk sjå det. Skiltet var omgjeve av tåke mest heile tida, året rundt, og etter tre år utan ein einaste annonsør, vart det rive ned att.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]