Reknestav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein reknestav
Ein reknestav i bruk (1973)

Ein reknestav er ein mekanisk innretning for numeriske utrekningar som var utbreidd før lommekalkulatoren vart alminneleg.

Ein reknestav er eit linjalliknande verktøy med ein midtdel som kan skyvast sidelengs, medan den øvre og nedre delen står fast. Alle tre delane har ein logaritmisk skala som gjer at ein ved å flytte midtdelen kan multiplisere og dividere tal. Prinsippet til reknestaven er basert på at summen av logaritmane av to tal er lik logaritmen til produktet av talet. På mange reknestavar finst det òg andre skalaer slik som for utrekning av trigonometriske funksjonar.

Langs mellomrommet mellom øvre faste del og midtdelen er det logaritmisk skala frå 1 til 100 (eller frå 1 til 1 to gonger). Langs det nedre mellomrommet er det skala som går frå 1 til 10. Ved å finne eit tal på den øvre skalaen og sjå tilsvarande plass på nedre skala finn ein kvadratrota til det første talet.

Det er på dei fleste reknestavar avmerkt π / (3,14 -osb).

Utrekningane har ein avgrensa nøysemd som er avhengig av lengda til staven og den tekniske utføringa, men dei er vanlegvis brukelege for ei rekkje fysiske og ingeniørtekniske føremål. Det vil vere vanskeleg å rekne med meir enn 3-4 siffer i eit tal. Brukaren får sifra i resultatet ved å avlese reknestaven, men må sjølv setje komma eller avgjere mengder nullar etter tala.

På reknestaven ovanfor er nedre skala 1 ovanfor øvre skala 5, og nedre skala 2 ovanfor øvre 1. Ved å avlese desse ser vi at 5 x 2 = 10. Logaritmen til 5 (representerer avstanden frå 1 til 5 til venstre på øvre skala) pluss logaritmen til 2 (som representerer avstanden på nedre skala frå 1 til 2) bringer oss til 1 på den øvre skalaen (som representerer 10).

På same måte kan vi sjå at 5 x 1,4 = 7 og 5 x 1,6 = 8 med same innstilling av reknestaven.

Den engelske matematikarn William Oughtred reknast som oppfinnaren av reknestaven. I 1622 kombinerte han to skalaer med logaritmane til John Napier slik at ein direkte kunne utføre multiplikasjon og divisjon.

For flyging vert det nytta ein rund reknestav kalla ein flight computer som går frå 1 til 10 på ein runde og har skalaer for tid (6 til 60 på ein runde, og frå 60 min/1 time til 10 timar). Det er òg merke for omrekningsfaktorar meter/fot, liter/gallon/pint og så bortetter.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]