Rektor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rektor (frå latin rector, 'styrar', av regere)[1] er tittelen til ein leiar av ein skule eller annan utdanningsinstitusjon. Rektorar er ofte kalla skuleleiarar, men dette omgrepet femner om alle i leiinga ved skulen. Rektor har normalt både det pedagogiske, administrative og økonomiske ansvaret for skolen. I nokre tilfelle, og særleg ved små skular, kan rektor også ha undervisning som del av stillinga si.

Rektorar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Opplæringslova set krav om pedagogisk kompetanse til den som skal vere rektor i grunnskulen eller vidaregåande opplæring.[2]

Leiinga ved skulen ellers omfattar gjerne ein assisterande rektor og/eller ein undervisningsinspektør. Når rektor er fråverande, trer desse inn og fungerer som rektor. Dette er vesentleg ettersom ein skule alltid skal ha definert ein ansvarleg leiar.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Rektorar i norsk grunnskule har tradisjonelt ikkje hatt formell utdanning som rektor, utover dei kompetansekrava som finst for undervisningspersonale elles. Det har dei siste åra vorte meir vanleg at rektorar har skuleleiarutdanning, eller tek slik utdanning kort tid etter at dei tiltrer i jobben. Universiteta i Oslo og Tromsø, samt høgskolane i Agder og Sogn og Fjordane tilbyr masterprogram i utdanningsleiing.[3]

I Osloskolen er det sidan 2002 utdanna skoleleiarar gjennom eit eige program i samarbeid med Handelshøyskolen BI.[4] Programmet vert omtalt som eit masterprogram, men saknar den naudsynte akkrediteringa frå NOKUT.[5][6]

13. juni 2008 sette regjeringa fram eit forslag om formell utdanning for rektorar.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «rektor» i Nynorskordboka.
  2. http://www.lovdata.no/all/tl-19980717-061-010.html#9-1
  3. http://www.utdanningsledelse.no/
  4. «Skolelederutdanning er blitt et marked». Utdanning (tidsskrift). 20. november 2002. Henta 14. juli 2008. [daud lenkje]
  5. arkivkopi, arkivert frå originalen 23. oktober 2008, henta 9. september 2008 
  6. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. november 2008, henta 9. september 2008 
  7. «Stortingsmelding 31 2007-2008: Kvalitet i skolen» (PDF). Kunnskapsdepartementet. 2008. Henta 6. september 2008. 
Spire Denne utdanningsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.