Religiøse nasjonalsymbol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Religiøse nasjonalsymbol er utbreidde over heile verda, og finst på mange flagg og riksvåpen. Dei religiøse nasjonalsymbola kan vera gamle symbol som blir gjevne nasjonal tyding, eller vera valde for å symbolisera ein fleirtals- eller statsreligion. Kristne krossar og muslimsk stjerne og halvmåne er vanlege slike symbol, men det finst mange andre variantar. Nokre kristne land bruker symbol særskilt knytte til ein nasjonal vernehelgen, som den heilage Jørgen, som òg vert kalla sankt Georg.

Andre land kan velja å ha nasjonalsymbol utan ei klar religiøs tilknyting, til dømes for å framheva sekularisme eller for å fremja samhald mellom ulike religiøse samfunn. Trikolorar er utbreidde flagg utan nasjonalsymbol, sjølv om fargane kan ha religiøs symbolikk. Sosialistiske land har ofte teke i bruk sosialistiske symbol som hammar og sigd, den raude stjerna og det raude flagget i flagg og riksvåpen og heilt unngått religiøse nasjonalsymbol.

Noverande religiøse nasjonalsymbol[endre | endre wikiteksten]

Lista er ufullstendig

Land Symbol og brukt Døme Religion
Afghanistan Den muslimske truvedkjenninga og ein moské i flagg og riksvåpen Flagget til Afghanistan Islam
Brunei Halvmåne i flagg og riksvåpen Flagget til Brunei Islam
Danmark Den nordiske krossen i flagget Flagget til Danmark Kristendommen
England Georgskross i flagget Flagget til England Kristendommen
Finland Den nordiske krossen i flagget Flagget til Finland Kristendommen
Georgia Georgskross i flagget Flagget til Georgia Kristendommen
Irak «Allahu akbar» ('Gud er stor') på flagget Flagget til Irak Islam
Island Den nordiske krossen i flagget Flagget til Island Kristendommen
Israel Davidstjerne i flagget, menora i riksvåpenet Flagget til Israel Det israelske riksvåpenet Jødedommen
Jamaica Georgskross i riksvåpenet Det jamaikanske riksvåpenet Kristendommen
Noreg Den nordiske krossen i flagget Flagget til Noreg Kristendommen
Pakistan Stjerne og halvmåne i flagg og riksvåpen Flagget til Pakistan Det pakistanske riksvåpenet Islam
Saudi-Arabia Den muslimske truvedkjenninga i flagget Flagget til Saudi-Arabia Islam
Serbia Serbisk kross i flagg og riksvåpen Flagget til Serbia Det serbiske riksvåpenet Kristendommen
Slovakia Patriarkkross i flagg og riksvåpen Flagget til Slovakia Det slovakiske riksvåpenet Kristendommen
Skottland Andreaskross i flagget Flagget til Skottland Kristendommen
Sri Lanka Bo-blad i flagget og dharmatjakra i riksvåpenet Flagget til Sri Lanka Det srilankiske riksvåpenet Buddhismen
Sverige Den nordiske krossen i flagget Flagget til Sverige Kristendommen
Sør-Korea Yin-yang i flagget og riksvåpenet Flagget til Sør-Korea Det sørkoreanske riksvåpenet Taoismen
Tyrkia Halvmåne i flagget og riksvåpenet Flagget til Tyrkia Det tyrkiske riksvåpenet Islam

Tidlegare og uoffisielle religiøse nasjonalsymbol[endre | endre wikiteksten]

Irland St. Patrickskross i eit tidlegare flagg, St Patrickflagget St Patrickflagget Kristendommen