Remingtonbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 78°34′S 84°18′W
Remingtonbreen
isbre
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Ellsworth Land
 - koordinatar 78°34′S 84°18′W
Lengd 13 km
Administrert under Antarktistraktaten
Remingtonbreen is located in Antarktis
Remingtonbreen (Antarktis)

Remingtonbreen er ein bratt isbre kring 7 nautiske mil (13 km) lang som ligg søraust i Sentinel Range i Ellsworth Mountains. Han ligg like nord for McPherson Peak og flyt aust-søraust til han flyt saman med enden av Houghbreen ved Johnson Spur.

Han vart oppdaga av U.S. Navy Squadron VX-6 på flyfotograferingsturane 14.-15. desember 1959, og kartlagt av US Geological Survey (USGS) frå desse bileta.

Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Edward W. Remington, som var glasiolog ved Amundsen-Scott-stasjonen i løpet av det internasjonale geofysiske året i 1957.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Remington Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).