René Magritte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lothar Wolleh:René Magritte (foto)

René François Ghislain Magritte (21. november 189815. august 1967) var ein målar frå Lessines i Belgia, vide kjend for sine surrealistiske bilete. Måleriet Biletets forråding frå 1928/29 har oppnådd ein nærast ikonografisk status i modernistisk kunst.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

I sine tidlege verk var Magritte mykje påverka av futurismen og kubismen. Saman med den belgiske poeten og collage-kunstnaren Édouard Messens grunnla han i 1925 dei to tidsskrifta Oesophage og Marie, som begge lanserte den belgiske surrealismen. Frå og med det året, påverka av Giorgio de Chirico sine vyar om at «poesien er eineståande jamført måleriet», utvikla Magritte sin personlege stil. Han byrja lage litterære måleri, der dei figurative bileta uttrykte poetiske idear. Dei framviste objekta beheld utsjånaden, men eigenskapane deira vert endra, sameleis med den funksjonen og nytten dei har til dagleg. Bileta varslar noko mystisk og ukjent, eller gjev ei oppleving av meir enn det som er synleg, som i Den truga mordaren frå 1926. For Magritte var det viktigast å vise gåta, å gjere sjåaren merksam på det forunderlege og å skape bilete av det useielege.

Magritte reiste til Paris i 1927, der han budde i tre år og slo seg saman med andre surrealistar. Deretter busette han seg i Brussel og vart der verande resten av livet. Hans såkalla «magiske realisme» endra seg lite gjennom åra, til dømes Biletets forråding(1928-29) som stiller seg tvilande til identiteten gjennom påstanden om at «Dette er ikkje ei pipe»', Menneskets vilkår I (1933) som syner ei røynleg djupne opp mot ein måla illusjon av djup, Trugande ver (1929) og Eldstigen I (1933), Slottet i Pyreneane (1959) og Stormannsgalskap (1961).

Det var fyrst etter andre verdskrigen at Magritte sin kunst vart allment kjend. Den retrospektive utstillinga i 1965 på Museum of Modern Art i New York, samt etterfølgjande store utstillingar i London og Paris stadfesta inntrykket av han som ein av dei viktigaste surrealistiske målarane. Magrittes karakteristiske stil har hatt stort innverknad også på plakatkunst, reklame og grafisk formgjeving.

Han døydde i Brussel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: René Magritte

Kjelder[endre | endre wikiteksten]