René Préval

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
René Préval

Statsborgarskap Haiti
Fødd 17. januar 1943
Marmelade
Død

3. mars 2017 (74 år)
Port-au-Prince

Yrke politikar
Verv Statsminister i Haiti
Periode 1991-1991
Føregangar Martial Célestin (1988)
Ingen (1988–1991)
Etterfylgjar Jean-Jacques Honorat
Verv President i Haiti
Periode 1996-2001
Føregangar Jean-Bertrand Aristide
Etterfylgjar Jean-Bertrand Aristide
Verv President i Haiti
Periode 2005-2011
Føregangar Boniface Alexandre
Etterfylgjar Michel Martelly
Politisk parti Lespwa
Ektefelle Elisabeth Delatour Préval
René Préval på Commons

René Garcia Préval (fødd 17. januar 1943 ved Cap-Haïtien, død 3. mars 2017)[1] var ein haitisk politikar og agronom som var president i Haiti i to periodar, frå 7. februar 1996 til 7. februar 2001 og frå 14. mai 2006 til 14. mai 2011. Dessutan var han statsminister i landet frå februar til oktober 1991.

Préval tok utdanninga si i Belgia og Italia, og var også busett i USA før han vende tilbake til Haiti og involverte seg i politikk og velgjerd. Då Jean-Bertrand Aristide vart president, vart Préval utnemnd til statsminister, ein post han hadde til han vart tvinga i eksil etter militærkuppet 30. september 1991. I 1996 vart han vald til president, og var det fram til 2001. I 2006 vart han vald på nytt i eit langdrygt val.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Haitis tidligere president er død». NRK. 3. mars 2017. Henta 31. mars 2017.