Renault Trucks
| Renault Trucks | ||
| Skipa | 1894 | |
| Land | Frankrike | |
| Hovudkontor | Saint-Priest | |
| Produkt | Lastebilar og bussar | |
| Eigd av | Aktiebolaget Volvo | |
| Nettstad | www.renault-trucks.com | |
Renault Trucks er ein fransk lastebil- og varebilprodusent. Føretaket vart stifta i 1978, då Saviem og Berliet (som var eigd av Renault) gjekk saman til Renault Véhicules Industriels (RVI). I 2001 vart føretaket kjøpt av Aktiebolaget Volvo og namnet vart endra til Renault Trucks. Renault eig i sin tur ein del av Aktiebolaget Volvo.
Histori [endre]
Renault vart stifta av Louis Renault i 1998 for å produsera bilar. Dei fyrste lastebilar og bussane vart produserte i 1906. Den fystes lastebilen hadde ein tosylindra motor med eit slagvolum på 1,9 liter og effekt på 10 hk. Nyttelasten var på eit tonn. I 1909 kom det ein ny modell, med ein firesylindra motor og ein nyttelast på 3 tonn. Det kom òg ein større modell, med ein firesylindra motor med eit slagvolum på 6.1 liter og ei nyttelast på 5 tonn. Girkassen hadde fire harstigheiter og det var kjedeoverføring frå girkassen til drivhjula.