Rendalsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rendalsvik er no ein øyde, tidlegare busetnad og eit nedlagt bergverkssamfunn i Holandsfjorden i Meløy kommune. Staden ligg ca 1 km vest av Fondal gard. Det er registrert bufaste i Rendalsvik sia 1667 fram til 1983 då det siste gardsbruket blei øydegard.

Grenda[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var Rendalsvik ei lita grend der folk livnærte seg av jordbruk og fiske. Frå folketeljinga i 1900 veit ein at det var to bruk med til saman 24 bufaste personar. Til dette kjem òg 7 personar på Sletnes like ved. Kring 1940 var folketalet på det høgste, i perioden då nærmare 200 personar arbeidde i gruveverksemda. Grenda hadde butikk frå 1936 til 1959. Skolen vart driven i 23 år til han vart nedlagt i 1963. Det fanst brevhus frå 1935, seinare postopneri frå 1943 som vart lagt ned att etter 5 år.

Gruveverksemda[endre | endre wikiteksten]

Det har vore utvunne grafitt og glimmer frå dagbrott og gruver i fjellsida mellom Rendalsvik og Fonndalen. Grafitten blei funnen rundt 1900, men først i 1932 tok dåverande rettshavar, det tyske A/S Mineral til med å byggje opp verksemda med infrastruktur og innretningar som var naudsynte. Den samanhengande drifta føregjekk i nær 10 år frå august 1935. To gruver, delvis i dagbrott, og tre lengre strosser utgjorde sjølve verksemda i fjellet. Til dette kjem fleire djupe stigortar og ein transporttunnel. Anna innretningar vart tilverka for tilkomst og transport: Veg, trapper, taubane og transportrenner. Sjølve grafittverket var sentralt i verksemda; viktige var òg kraftverket, laboratoriet, den mekaniske verkstaden og smia. Det blei òg bygd brakker og hus for arbeidarar.

Ein kjenner ikkje til at det skjedde dødsulykker i samband med verksemda.

Produksjonen nådde si høgd i 19391940 med ca 12–13 000 tonn årleg grafitt til skiping, men den gjekk sterkt attende under nazistane si leiing. Ved slutten av krigen vart A/S Mineral slegen konkurs. Opp mot 200 menneske arbeidde i gruvesamfunnet. I 1947 vart det slege fast at det ikkje var råd å få i gang verksemda att.

I 1970 starta A/S Norwegian Talc opp med ny gruveverksemd i Rendalsvik, men no med produksjon av glimmer. Verksemda gjekk føre seg fram til 1980 med opp mot 25 arbeidarar, alle var dagpendlarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]