René Descartes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rene Descartes)
René Descartes

Fødd31. mars 1596
Descartes
Død11. februar 1650
Stockholm, Stockholm
NasjonalitetFrankrike
Områdefilosofi, metafysikk, epistemologi, matematikk, mekanikk, Cartesianism, rasjonalisme, fysikk, optikk, Musikkteori, lyd
Yrkefilosof, matematikar, musikkforskar, fysikar, astronom, musikkteoretikar, korrespondent, mechanical automaton engineer, militær, skribent
Alma materCollège Henri-IV de La Flèche
Universitetet i Leiden
Universitetet i Utrecht
Prytanée national militaire
DoktorgradsrettleiarIsaac Beeckman
Jacobus Golius
SambuarHelena Jans van der Strom
BarnFranccine Descartés
MedlemDet franske vitskapsakademiet

René Descartes (31. mars 159611. februar 1650) var ein fransk filosof, matematikar og skrivar. Descartes var den første til å namne punkt i eit kartesiske koordinatsystem med bokstavar.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

René Descartes i samtale med dronning Kristina av Sverige.

René Descartes vart fødd i La Haye (i dag kalla Descartes) nær Tours i Frankrike.

Hausten 1649 blei Descartes kalla til Sverige for å undervise den 23 år gamle dronning Kristina. Matematikk-timane til den svenske dronninga byrja så tidleg som klokka 5 kvar morgon. Descartes si helse tolte ikkje det svenske vinterklimaet, og han fekk lungebetennelse og døydde alt i februar 1650.[2]

Dualisme[endre | endre wikiteksten]

René Descartes er kjend for sitatet «eg tenkjer, altså er eg» som er utgangspunktet for idéen hans om dualisme.[3] Dualisme innebar at menneske bestod av to åtskilde substansar: det materielle og det tenkjande. Kroppen, inkludert hjernen, var ein utstrakt materiell substans, medan eins tankar og opplevingar (eget) var ein tenkjande ikkje-materiell substans.[4] Kroppen var eit ufritt lekam som fungerte på bakgrunn av mekaniske prinsipp. Til forskjell frå den materielle substansen, kunne ikkje den tenkjande substansen delast, målast eller bryte naturlover, difor bestod menneske av to substansar.

Ein måtte ha abstrakt logisk tenkning for å ha eit eg (den tenkjande substansen). Descartes meinte dyr berre var mekanisk konfigurerte kroppar som berre var styrt av instinkt, dermed hadde dei korgje ein sjel eller ein tenkjande substans.[5]

Draumargumentet[endre | endre wikiteksten]

Descartes var skeptisk til at det menneske sansa ikkje kunne vere noko anna enn ein draum som genererte liva våre.[6] Han tvila på sansane sine, og freista å hugse draumane sine, der innsåg han at han hadde feilaktig blitt overtydd om at han var vaken. Det var ikkje ei sjølvmotseiing å forestille seg at livet var ein draum og at materielle substansar ikkje eksisterte. Difor var alt det menneske sansa berre ein draum.

I dag er det nesten ingen filosofar som definerer seg som dualistar.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «René Descartes», Kulturakademiet (på engelsk), henta 8. november 2022 
  2. «René Descartes», Filosofi.no (på norsk bokmål), henta 8. november 2022 
  3. «René Descartes», Kulturakademiet (på engelsk), henta 8. november 2022 
  4. «René Descartes | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 8. november 2022 
  5. ROZEMOND, Marleen; Rozemond, Marleen (30. juni 2009), Descartes's Dualism (på engelsk), Harvard University Press, ISBN 978-0-674-04292-6, henta 8. november 2022 
  6. Dreaming, Philosophy of | Internet Encyclopedia of Philosophy (på engelsk), henta 8. november 2022 
  7. Hatfield, Gary (2018). Zalta, Edward N., red. «René Descartes». Metaphysics Research Lab, Stanford University. 
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.