Reodor Felgen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reodor Felgen er ein figur frå Kjell Aukrusts verd. Han er sykkelreparatør og oppfinnar og bur saman med piggsvinet Ludvig og skjora Solan Gundersen. Reodor Felgen teikna i 1968 den verdskjende racerbilen «Il Tempo Gigante», Noregs svar på italienske Ferrari. Felgen er ein einstøing, og trivst best i selskap med dei to små venene sine, og i sykkelverkstaden sin.

Doningane og innrettningane Reodor Felgen byggjer plar ofte vere lite straumlineforma, men dei verkar på dei mest overraskande vis, i alle fall etter ein del finjustering og med stending vedlikehald. Han er ikkje ein til å kaste saker i unøda, gjenbruk og reparasjon er margen i han.

«Reodor Felgen» har gått inn i det norske språket som namn på sjølvlærde oppfinnarar og fantasifulle gjer-det-sjølv folk.