Reppa kraftverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reppa kraftverk er eit vasskraftverk i Reppavassdraget i Rødøy kommune i Nordland fylke.

Kraftverket nyttar eit fall på 560 meter frå Reppavatnet til havnivå ved Tjongsfjorden. Reppavatnet er regulert mellom 590 og 560 moh. Det vert òg overført vatn frå Memorvatnet som er regulert mellom 640 og 614.

Magasina legg ved kanten av Svartisen og er avsmeltinga frå breen er viktig for produksjonen i kraftverket.

Verket vart modifisert i 1986.

Installert effekt er 11 MW på ein Peltonturbin og middels årsproduksjon er på 74 GWh.

Kraftverket er eigd av Rødøy-Lurøy Kraftverk AS .

Kjelder[endre | endre wikiteksten]