Representasjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Representasjon er eit omgrep som vert nytta om det å stå i staden for noko anna. Eit skriftteiken til dømes kan representera ein ting, ein tanke, ei hending og så vidare. Eit trafikkskilt kan representera ein fare, eit påbod og så vidare.
Ein tilset i eit føretak kan representera føretaket og tala på vegne av det. Han er då ein «representant» for føretaket. Ein ambassadør representerer landet som har sendt han ovanfor myndigheitene i eit framand land. Når ein representant for eit føretak vitjar eit anna føretak vert det kalla eit «representasjonsbesøk».