Republikken Alba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Repubblica di Alba
Republikken Alba
Klientstat under Det første franske riket
Piedmont
1796–1801

Flagget til Alba

Flagg

Hovudstad Alba
Språk Italiensk
Styreform Republikk
Historisk periode Napoleonskrigane
 - Oppretta 25. april
 - Opphøyrde 19. april

Republikken Alba (italiensk Repubblica di Alba) var ein fransk klientstat oppretta 25. april 1796 i Alba, nord i Italia. Han dekte området Piemonte og tok slutt 19. april 1801 då han vart annektert av Frankrike.

Flagget til Republikken Alba vart teikna av Juan Antonio Ranza, som sa at blå og raud var for Frankrike og oransje for treet på Piemonte sitt våpenskjold. Flagget eksisterte både i ei horisontal og ei vertikal utgåve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]