Republikken Irland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Éire
Ireland

(norsk: Irland, irsk)

Det irske flagget Det irske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Amhrán na bhFiann»
Motto Éire go deo (Irland for alltid)
Geografisk plassering av Irland
Offisielle språk Irsk og engelsk
Hovudstad Dublin
Styresett
Republikk
Michael D. Higgins
Enda Kenny
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
70 273 km² (119.)
2 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
4 722 028 (118.)
67,2 /km² (114.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anarkjend
Frå Storbritannia
21. januar 1919
6. desember 1921
Nasjonaldag 17. mars
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
172 300 mill. USD (56.)
37 600 USD (20.)
Valuta Euro
Tidssone UTC
Telefonkode +353
Toppnivådomene .ie


Republikken Irland utgjer fem sjettedelar av øya Irland og er ein sjølvstendig republikk. Staten vert offisielt kalla Éire på irsk, Ireland på engelsk. Som på norsk nyttar ein på begge språka nemningane Poblacht na hÉireann og The Republic of Ireland for å skilje på stat og øy.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før 1921 var heile øya Irland ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland. Nord-Irland er framleis ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland.

Fylke[endre | endre wikiteksten]

Irland har tradisjonelt hatt 26 fylke (counties), som framleis blir brukt kulturelt, historisk og i idrett. Etter omorganisering har Dublin vorte splitta opp i 4 fylke og Tipperary har vore to fylke. Totalt har republikken Irland 30 fylke.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Cliffs of Moher på vestkysten av Irland, ein mild, fuktig og vindfull stad.

Irland har eit maritimt klima, og er kraftig påverka av Atlanterhavet og Golfstraumen i vest. Klimaet er ikkje så ulikt Storbritannia sitt, men har mindre temperaturvariasjonar og over 50 % meir nedbør. Kulda frå nord eller aust har som regel dempa seg på veg over sjøen til Irland, og det kaldaste som nokon gong er målt er berre -19 °C. Om vinteren er det i snitt berre om lag ei veke med snø totalt, men litt fleire dagar i høgareliggande strøk som Wicklowfjella. Atlanterhavskysten har derimot så godt som ingen dagar med snø. Sommaren er forholdsvis kjølig med om lag same temperaturar som i Skottland, og i dei nordlegaste områda går ikkje temperauren ofte over 20 °C om sommaren.

Nedbøren fordeler seg jamt over heile øya, men dei vestlege områda får likevel dei største mengdene. I tillegg er områda på vestkysten, i lag med dei nordlege områda, utsett for kraftig vind når vinterstormane frå vest passerer forbi. Den tørraste tida på året er seint på våren og tidleg om sommaren, særleg i nordlege og austleg strøk. Dublin ligg i det tørraste område av Irland og har ein årleg nedbørsnormal på 762 mm, medan vestkysten av Irland har rundt 1400-1500 mm. Det er sjeldan torevêr på Irland. Dei nordvestlege områda har om lag ti episodar med torevêr gjennom året, og då som oftast om vinteren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Republikken Irland
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.