Republikken Komi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Republikken Komi
Республика Коми
Коми Республика
Republikken Komi sitt flagg Republikken Komi sitt riksvåpen
RussiaKomi.png
Hovudstad Syktyvkar
Areal

- total
- % vatn

(15.)

- 415 900 km²
- 0,3

Folketal

- Total
- tettleik

(54.)

- 901 600[1] (2010)
- 2,17/km²

Administrativ status Republikk
Føderalt distrikt Severo-zapadnyj (Nordvestlege)
Økonomisk region Severnyj (Nordlege)
President Vjatsjeslav Mikhajlovitsj Gajzer
Nasjonalsong
Kadaster-nr 11
Offisielle språk Russisk og komi


Komi, eller Den komiske republikken (på komi Komi Mu eller Komi-landet), er ein delrepublikk i den europeiske delen av Russland, på vestsida av Uralfjella, i hovudsak innanfor Petsjora-elva sitt nedslagsfelt. Komi er ei føderal eining i den russiske føderasjonen, og ein av dei tretten medlemene av Barentsregionen. I nord grensar Komi mot Nenetsia, i nordaust mot Jamalo-Nenetsk, i aust mot Khanty-Mansia, i søraust mot Sverdlovsk-provinsen, i sør mot Perm-provinsen, i sørvest mot Kirov-provinsen og i vest Arkhangelsk-provinsen. Hovudstaden i republikken er Syktyvkar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Komi-området vart ein del av Russland i 1472, då den russiske ekspansjonen austover tok fart.

Sovjetunionen danna Syrjenaranes autonome område i 1921. Komis autonome sosialistiske sovjetrepublikk vart danna i 1936. Komi vart undervist i grunnskolen under Stalin, men frå og med innstramminga i den sovjetiske språkpolitikken under Khrusjtsjov vart undervisninga i komi forbode frå og med slutten av 1950-talet.

I Stalin-tida fanst det fleire fangeleirar som var ein del av gulag-systemet i republikken. Byen Vorkuta i nordaust oppstod rundt eit av dei største kompleksa av fangeleirar i den europeiske delen av Russland, bygd opp rundt kolgruvedrift. Det er gått ut frå at ein million fangar var innom leirane her. Eit fangeopprør i Vorkuta i 1953 vart slege ned av den raude armeen med maskingevær og stridsvogner.

Etter at Sovjetunionen vart oppløyst utferda Komi Autonome Sosialistiske Rådsrepublikk ei sjølvstendefråsegn, men republikken vart likevel verande ein del av den russiske føderasjonen. Komi og Russland skreiv i 1996 under på ein avtale som gjev regjeringa i Komi høve til å utvikle republikken relativt sjølvstendig.

Sidan 2002 har Vladimir Torlopov vore president i republikken Komi. I 2005 vart han nominert til fire nye år som president av Vladimir Putin og parlamentet i Komi stadfesta dette samrøystes 7. desember 2005.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Frå Uralfjella i Komi

Komi består for det meste av lågland med låge kollar. I den austlege delen av republikken er Uralfjella, det høgaste fjellet i Komi og Uralfjella er Narodnaja, 1 894 moh.). Andre høge fjell er Telpos, 1 617 moh. og Halmer-Ju, 1 363 moh. Langs dei nordvestre og sentrale delen av republikken går Timan-ryggen eller Timan-fjella, det høgaste punktet er 463 moh.

Den største elva er den 1 809 kilometer lange Petsjora, som har kjeldene sine i den søraustre delen av republikken, i Ural. Petsjora renn gjennom Komi inn i Nenetsia. Nedfallsområdet er 322 000 kvadratkilometer, og dei viktigaste bielvane er Usa og Izjma. I sør finst òg nedfallsområdet til Vytsjegda-elva. Vytsjegda sine viktigaste sideelvar er Vym og Sysola, som renn saman med Vytsjegda i Syktyvkar.

Det nordlege barskogsbeltet, taigaen, dekkjer 72,7 prosent av flatevidda til republikken. Attåt er 9,8 % av arealet dekt av myr. Av barskog er det i Komi m.a. furu og gran) og 20 lauvtreslag (m.a. osp, bjørk, rogn og vidje). I skogen er det hare, ekorn, rev, bjørn, ulv, elg, fuglar m.a. tiur, orrhane, and og gås. I den sørlege delen av republikken er det òg gaupe, villsvin og kronhjort. Dei mest utbreidde fiskeslaga er laks, sik og harr.

Den nordlegaste delen av republikken høyrer til tundraen. Heilt i nord er det trelaus tundra, fem prosent av arealet. Mellom den trelause trundraen og barskogbeltet ligg skogtundrabeltet, som dekkjer 4,5 prosent av arealet. På tundraen veks det mose, lav og myrgras, og dvergbjørk og vidje. Av dyr finst det rein, lemen og fjellrev. I tillegg hekkar det gås, svane og and og mykje småfugl, som kjem etter dei store flokkane av mygg og knott.

Gjennomsnittstemperatur i januar er i nordaustdelen av republikken i Vorkuta -20,4 Celsius og i sør i Syktyvkar -17,1 ˚C. Gjennomsnittstemperatur i juli er +11,7 ˚C i Vorkuta og +16,6 ˚C i Syktyvkar.

Dei største nasjonalparkane i Komi er Petsjora-Ilytsj-området langs Petsjora sine breidder og Jugyd Va nasjonalpark aust i republikken, i Ural. Jugyd Va-området vart i 1995 lyst ut som verdsarvstad av UNESCO.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Komi er 901 600 (2010). Av folkesetnaden er: [1]

Dei største byane er hovudstaden Syktyvkar (227 700), Vorkuta (184 000), Ukhta (98 700), Petsjora (57 400), Izjma, Sosnogorsk og Mikun. 74,2 prosent av folket i Komi bur i byar.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Komi03.png

Administrativt sett er Komi delt inn i 12 krinsar og åtte byar som står rett under republikkadministrasjonen.


Store byar og tettstader (1. januar 2005)

By Komi/russisk Innbyggjarar
Syktyvkar Сыктывкар 228 928
Ukhta Ухта 103 064
Vorkuta Воркута 82 000
Petsjora Печора 57 400
Usinsk Усинск 45 238
Inta Инта 38 772
Sosnogorsk Сосногорск 29 203
Vorgasjor Воргашор 19 873
Jemva Емва 15 777
Severnyj Северный 14 228
Vuktyl Вуктыл 14 031
Nizjnij Odes Нижний Одес 11 654
Mikun Микунь 11 409
Zjesjart Жешарт 9 832
Jarega Ярега 8 519
Troitsko-Petsjorsk Троицко-Печорск 8 499
Krasnozatonskij Краснозатонский 8 464
Vodnyj Водный 6 662
Usogorsk Усогорск 5 432
Zapoljarnyj Заполярный 4 498
Verkhnjaja Maksakovka Верхняя Максаковка 4 010
Vojvozj Войвож 3 673
Sjudajag Шудаяг 3 620
Komsomolskij Комсомольский 3 426
Kozjva Кожва 3 421
Sindor Синдор 2 973
Blagojevo Благоево 2 607
Verkhnjaja Inta Верхняя Инта 2 095
Sedkyrkesjtsj Седкыркещ 2 011

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Komi har rike naturressursar, det finst steinkol, olje, jordgass, skiferstein, asfalt, bauxitt, bergsalt, diamantar, halvedelsteinar, kvarts og mange ulike malmslag, m.a. gull. Dei viktigaste industrigreinene er olje-, energi-, skog-, bergverks-, maskin-, treforedling- og næringsmiddelindustri. Den viktigaste er olje- og energiindustrien, som står for 64 % av republikkens industriproduksjon. Olje- og gassindustrien er konsentrert til Ukhta sentralt i republikken, og steinkolproduksjonen til nordaust i Vorkuta. Andre viktige industrisentra er Syktyvkar, Petsjora og Izjma.

Jordbruket er konsentrert til kvegdrift. Sør i republikken er det storfe, og i nord er det rein, I tillegg driv dei fiskeri og pelsdyroppdrett og -jakt. I sør dyrkar dei dyrefôr, grønsaker og potetar.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste vegen går frå sørenden av republikken via Syktyvkar til Ukhta. Jarnbanenettet er bygd opp rundt Kotlas-Vorkuta-jarnbana, ei bane som går frå sørvest i republikken til heilt oppe i nordaust, til det Jamalo-Nenetsiske området. Ut frå denne bana går det mange andre baner, m.a. frå Mikun til Syktyvkar, frå Mikun til Vendenga, frå Sosnogorsk til Troitsko-Petsjorsk og frå Synja til Usinsk. I laupet av dei siste 30 åra har jarnbanenettet i republikken vorte dobbelt så langt. I tillegg er det planar om å byggje ei jarnbane frå Syktyvkar via hovudstaden i det Permjakiske området Kudymkar til Perm. Dei største elvane i republikken, Petsjora og Vytsjegda, er òg viktige for båttrafikken.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Komi har eit parlament med 180 medlemer. Presidenten heiter frå 2010 Vjatsjeslav Mikhajlovitsj Gajzer og utanriksministeren Aleksandr Okatov. Før Gajzer var Vladimir Torlopov president.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Fleirtalet av innbyggjarane i republikken Komi høyrer til ortodoks kristendom. I tillegg kan det vere nokre som praktiserer eller prøver å revitalisere den førkristne religionen til komiane. Komiane skil seg likevel frå dei andre uralske folka i Russland ved å ha vorte kristna tidleg og grundig, og er dimed kanskje det uralske folket der kristendomen står sterkast. I den seinare tida har det vore misjonsverksemd frå Jehovas vitne, adventistar, pinsevener og lutheranerar.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det er ca. 450 grunnskular i republikken Komi. I Syktyvkar ligg Komi statlege universitet (grunnlagt 1972), ulike avdelingar av vitskapsakademiet, eit pedagogisk institutt og eit skogsteknisk institutt. I Ukhta ligg Ukhtas Tekniske universitet og i Vorkuta ligg det eit skogbruksøkonomiske institutt.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Republikken Komi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Ei sentral kjelde til denne artikkelen er den finske wikipedia-artikkelen om Republikken Komi.

God artikkel