Resavčina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Resavčina (Ресавчина)
elv
Land  Serbia
Lengd 32 km
Kjelde Proštinac, aust for Svilajnac
Munning Velika Morava, sørvest for Požarevac
Kart
Resavčina
44°34′44″N 21°08′20″E / 44.579°N 21.139°E / 44.579; 21.139

Resavčina (serbisk Ресавчина) er ei elv i Serbia og ei 32 km lang sideelv til Velika Morava frå høgre. Ho vert stundom kalla Resavica eller Resava (som ikkje må forvekslast med ei anna sideelv til Velika Morava kalla Resava eller sideelva hennar kalla Resavica).

Resavčina spring ut nær landsbyen Proštinac i kommunen Svilajnac. Elva renn parallelt til Velika Morava over flaumsletta hennar, så det finst ingen busetjingar ved sjølve Resavica. Ho munnar ut i Velika Morava nær Ljubičevo, ein kjend hestefarm i Serbia.

Resavčina er ein del av nedslagsfeltet til Svartehavet og drenerer eit område på 174 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]