Reschensee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reschensee
Reschensee - Klokketårnet i Reschensee
Klokketårnet i Reschensee
Reschensee (Italia)
Reschensee
Reschensee
Stad provinsen Bolzano
Koordinatar 46°48′N 10°31′EKoordinatar: 46°48′N 10°31′E
Type innsjø Reservoar
Tilsig Adige
Utsig Adige
Tilknytte land Italia
Overflateareal 6,6 km²
Største djupne 6 m
Vassvolum 0,12 km³
Høgd over havet 1 498 m
Busetnadar Graun im Vinschgau

Reschensee (italiensk Lago di Resia) er ein kunstig innsjø vest i provinsen Bolzano i Italia nær Reschenpass og 2 km frå grensa til Austerrike. Med ein kapasitet på 120 millionar kubikkmeter vatn er han den største innsjøen i Sør-Tyrol. Han får vatn frå Adige (Etsch), Rojenbach og Karlinbach og renn ut vidare gjennom Adige.

Det vart lagt planar om ein mindre (5 meter djup) kunstig innsjø i 1920-åra. I juli 1939 la selskapet Montecatini (i dag Edison Energia) fram ein ny plan om ein 22 meter djup innsjø, som ville gjere innsjønae Reschensee og Graunsee om til ein innsjø og legge fleire landsbyar under vatn, inkludert Graun (it. Curon) og delar av Reschen (it. Resia). Bygginga av demninga starta i april 1940, men på grunn av den andre verdskrigen og lokal motstand vart han ikkje ferdig før i juli 1950. Totalt vart 164 heimar og 523 hektar med oppdyrka mark lagt under vatn. Staden hadde vore busett sidan romartida.

Toppen av eit kyrkjetårn frå 1300-talet er framleis synleg. Om vinteren når innsjøen frys til er det mogeleg å gå til kyrkjetårnet.

[endre] Galleri

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Reschensee

[endre] Kjelde

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk