Resolusjon 242 frå Tryggingsrådet i SN

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Resolusjon 242 frå Tryggingsrådet i SN vart samrøystes vedteken 2. november 1967, i etterkant av seksdagarskrigen. Han vart vedteken under kapittel VI av FN-pakta.[1] Resolusjonen vart utarbeidd av den britiske ambassadøren Lord Caradon, og vart vald før fire andre utkast som var under handsaming.[2]

Resolusjonen oppfordrar til «etablering av rettferd og varig fred i Midtausten» som kan oppnåast ved «innføringa av begge desse prinsippa: 'Tilbaketrekking av israelske væpna styrkar frå okkuperte territorium i den nylege konflikten' og 'Avslutting av alle krav eller statar i krigstilstand' og respekt for kvar av statane i området sin rett til å leve i fred innanfor sikre og godkjende grenser. Egypt, Jordan, Israel og Libanon vart med i konsultasjon med ein FN-representant over innføringa av resolusjon 242.[3] Etter først å ha fordømd han i 1967, aksepterte Syria resolusjonen i mars 1972 – med atterhald. Syria aksepterte formelt[4] resolusjon 338 frå Tryggingsrådet, våpenkvilen ved slutten av Jom Kippur-krigen, som slutta seg til resolusjon 242.[5]

Han er ein av resolusjonane frå SN som det oftast vert referert til i politikk knytt til Midtausten.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Resolusjon 242 frå Tryggingsrådet i SN ved Wikisource.