Resolusjon 242 frå Tryggingsrådet i SN

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Resolusjon 242 frå Tryggingsrådet i SN vart samrøystes vedteken 2. november 1967, i etterkant av seksdagarskrigen. Han vart vedteken under kapittel VI av FN-pakta.[1] Resolusjonen vart utarbeidd av den britiske ambassadøren Lord Caradon, og vart vald før fire andre utkast som var under handsaming.[2]

Resolusjonen oppfordrar til «etablering av rettferd og varig fred i Midtausten» som kan oppnåast ved «innføringa av begge desse prinsippa: 'Tilbaketrekking av israelske væpna styrkar frå okkuperte territorium i den nylege konflikten' og 'Avslutting av alle krav eller statar i krigstilstand' og respekt for kvar av statane i området sin rett til å leve i fred innanfor sikre og godkjende grenser. Egypt, Jordan, Israel og Libanon vart med i konsultasjon med ein FN-representant over innføringa av resolusjon 242.[3] Etter først å ha fordømd han i 1967, aksepterte Syria resolusjonen i mars 1972 – med atterhald. Syria aksepterte formelt[4] resolusjon 338 frå Tryggingsrådet, våpenkvilen ved slutten av Jom Kippur-krigen, som slutta seg til resolusjon 242.[5]

Han er ein av resolusjonane frå SN som det oftast vert referert til i politikk knytt til Midtausten.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «UN Transcription of session referring to Chapter VI prior to the introduction of the Resolution Arkivert 2009-02-21 ved Wayback Machine
  2. Sjå «S/PV. 1382 Paragraph 65» for lista over utkast. Det britiske utkastet fekk nummeret «S/8247», arkivert frå originalen 21. februar 2009, henta 10. februar 2009 
  3. Sjå «Security Council Document S/10070 Para 2»., arkivert frå originalen 12. februar 2007, henta 10. februar 2009 
  4. «Syria's acceptance of 338», arkivert frå originalen 6. mars 2008, henta 10. februar 2009 
  5. Raymond A. Hinnebusch og Alasdair Drysdale (1991). Syria and the Middle East Peace Process. New York: Council on Foreign Relations Press. s. 105, 108. ISBN 0-87609-105-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Resolusjon 242 frå Tryggingsrådet i SN ved Wikisource.