Respect

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Respect - The Unity Coalition er eit britisk sosialistisk parti skipa 25. januar 2004 i London. Namnet står for Respect, Equality, Socialism, Peace, Environmentalism, Community and Trade unionism ('Respekt, Likskap, Sosialisme, Fred, Miljøvern, Fellesskap og Fagforeiningsarbeid'). Det blir oftast berre kalla Respect eller Respect Party.

Respect blir av somme sett på som berre eit parti mot krigen i Irak, men partiet hevdar sjølv at det er eit breitt alternativ til dei andre partia som står for «privatisering, krig og okkupasjon». Nokre av dei politiske standpunkta til partiet er renasjonalisering av jernbanen og andre (tidlegare) offentlege tenester, motstand mot privatisering av helsevesenet og skulesystemet, høgare minimumsløn, auka skatt for dei velståande og meir offentleg velferd, og avskaffing av dei fagforeiningsfiendtlege lovene dei konservative fekk vedtatt, og som Tony Blair og hans New Labour ikkje har fjerna. I grunnlagsdokumentet for partiet seier Respect at dei vil ha eit sosialt rettferdig og økologisk berekraftig samfunn, basert på felleseige og demokratisk kontroll.

Respect tillèt medlemmene sine å vere medlemmer av andre politiske organisasjonar, berre dei ikkje stiller til val mot Respect eller motarbeider partiet. Viktige element i Respect er mellom anna parlamentsmedlem George Galloway, det trotskistiske Socialist Workers Party og leiande personlegdomar frå Muslim Association of Britain. Blant kjende personar som er med i Respect kan nemnast fagforbundsleiar Mark Serwotka, skodespelforfattar Harold Pinter og filmskapar Ken Loach.

Respect utfordra Labour frå venstre første gong ved vala til bystyret i London og EU-parlamentet i 2004, og fekk ein kvart million stemmer. Respect meiner denne suksessen skuldast krigsmotstanden og at mange tidlegare Labour-veljarar tykkjer Blair har ført Labour altfor langt til høgre. Det verkar vidare som Respect har klart å få ein god del støtte frå muslimske veljarar, blant anna på grunn av motstanden mot krigen i Irak. Respect vann sitt første val 29. juli 2004 i Tower Hamlets i London og fekk ein byrådsmedlem derfrå. I september same året kom dei på andreplass føre Labour i eit suppleringsval til parlamentet i Millwall. Så kom gjennombrotet ved det allmenne parlamentsvalet 2005, da Respect klarte å stille kandidatar i 26 valkrinsar, fekk valt inn George Galloway frå Bethnal Green and Bow i London og kom på andreplass tre andre plassar. Kandidaten deira Salma Yaqoob fekk heile 27 prosent av stemmene i ein valkrins i Birmingham.

Respect stiller ikkje til val i Skottland. Der oppmodar dei folk om å støtte Scottish Socialist Party.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]