Ressursrekneskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ressursrekneskap er eit oversyn over Noreg sin faktiske og totale bruk av naturressursar i løpet av eit år. Det blir i dag ikkje ført eit slikt heilskapleg nasjonalt oversyn over bruken av naturressursar, med det blei foreslått av eit statleg utval i samband med etableringa av Miljøverndepartementet i 1972.

I det årlege nasjonalbudsjettet blir det i dag gjort ei vurdering av tilstanden på 17 indikatorar for berekraftig utvikling. Kvart år publisere SSB eit samla oversyn over ressurs- og miljøstatistikk, og sidan 2010 har Direktoratet for naturforvaltning utgitt ein rapport om naturmangfaldet i høve til ein naturindeks. Men ingen av desse har til hensikt å gi eit totalt oversyn over naturressursane og bruken av dei.

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ressursrekneskap, likestilt med dei finansielle stats- og nasjonalrekneskapa, var eit forslag som blei lansert i samband med skipinga av Miljøverndepartementet (MD) i 1972. Bak forslaget stod eit offentleg utval som blei leia av bonde og fylkeslandbrukssjef Trygve Haugland. Det var eit ønske om ressursreknskapa skulle bli brukt direkte i budsjetteringa og gjerne bli inkludert i dei overordna modellane for styringa av Noreg. To andre samtidige offentlege utval som behandla opprettinga av MD, avviste ideen om overordna ressursrekneskap.

Forslaget om ressursregnskap blei også kraftig motarbeida av embedsverket i Finansdepartementet.[1] Ideen om ressursrekneskap blei aldri direkte avvist, men gradvis svekka frå og med etableringa av MD.

MD er i dag overordna departement når det gjeld arealsaker knytt til bruk av plan- og bygningslova.[2] Men det er ingen direkte samanheng mellom bruk av areal og stats- og nasjonalbudsjetta.

Ideologisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Styring etter ressursrekneskap og ressursbudsjett støttar seg på andre ide- og tankegrunnlag enn dei økonomiske prinsippa som ligg til grunn for dei noverande stats- og nasjonalbudsjetta. Ressursreknskapa har to ideologiske hovudinspirasjonskjelder: Økologi/økofilosofi og naturressursrørsla frå USA. Desse to tankesetta har samanfallande syn når det gjeld behovet for fysisk oversyn og planlegging, men dei skil seg drastisk frå kvarandre når det gjeld synet på mennesket sin plass i naturen.

Økologi/økofilsofi og ressursrekneskap[endre | endre wikiteksten]

Det økologiske grunntanken er at alle fenomen i naturen, også mennesket, heng nært saman og er gjensidig avhengige. Politikken må difor sørge for at det globale økosystemet og artsmangfaldet blir halde i balanse og ikkje blir skada av menneska. Arne Næss har både i Noreg og store deler av verda vore ein sentral stemme for økologisk tenking.

Ressursutvalet under leiing av Haugland, så for seg at ressursrekneskap vil sørge for at ein fikk eit samla oversyn over menneskeleg innverknad på naturen og slik hindre varig skade på økosystema. Dei skreiv mellom anna:

«Mennesket er et produkt av jordens naturressurser, av verdensrommet og de krefter som gjør seg gjeldende i det. Men mennesket er også en del av naturressursene. De enkelte ytringsformer for liv påvirker hverandre gjensidig.» [3]

Klart økologisk inspirerte formuleringar kan ein òg finne i korleis MD grunngav ønsket om ressursbudsjett i 1974:

«Behovet for tiltak som kan holde natursystemet i balanse kan sammenlignes med den forskning og det informasjonssystem som er utviklet for å holde det økonomiske systemet i balanse og under kontroll..» [4]

Forvaltningsbevegelsen og ressursrekneskap[endre | endre wikiteksten]

I 1908 presenterte eit føderalt utval (National Conservation Commision) eit omfattande oversyn over naturressursa i samtlige av delstatane i USA. Målet til forvaltningsbevegelsen var å sørge for menneska ikkje sløsa med naturressursane sine. Ved utbygginga av elevane i Tennessee-dalen i 1930-åra lagde ein kanalsystem for å utnytte mest mogeleg av elevekrafta til felles velferd. Tennesse-prosjektet blei nøye studert av Knut Getz Wold og resulterte i boka Plan for Velstand (1947).

I motsetning til tankane i økologien/økofilosofien hadde Forvaltningsbevegelsen ikkje noko målom å verne naturen. Det vesentlege var å sikre ei mest mogleg effektiv utnytting av naturen. Idear frå forvaltningsrørsla kom klart til uttrykk i tanken om å opprette eit overordna ressursdepartement som både hadde samordna ressursrekneskap og -budsjett og heilskaplege planar for arealbruk. Eit av dei tre statlege utvala for opprettinga av MD skreiv mellom anna:

«En hovedoppgave for det nye departementet vil bli å samordne utviklingen av økonomisk vekst og trivelig miljø gjennom samordnede fysisk-økonomiske planer på landsdels-, fylkes- og kommuneplan, og sørge for at vernet om naturressursene og naturmiljøet blir tilfredsstillende...» [5]

Naturen og miljøet blei ikkje rekna som noko overordna omsyn, men ein sektorinteresse som måtte bli balansert i høve til den økonomiske veksten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sjå side 17 i Ottar Julsrud, side 42 i Krisin Asdal og side 177 i Bredo Berntsen
  2. Regjeringa.no om MD sin sentrale rolle i planarbeidet
  3. Frå ressursutvalet si innstilling, referert på side 135 i Alf-Inge Jansen)
  4. Frå MD sine innspel, referert på side 3 Kristin Asdal
  5. Referert på side 184 i Alf-Inge Jansen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Ottar Julsrud: Mellom himmel og jord. Unipub 2012.
  • Bredo Berntsen: Grønne linjer; natur- og miljøvernets historie i Norge. Unipub 2011.
  • Kristin Asdal: Knappe ressurser. Universitetsforlaget 1998.
  • Alf-Inge Jansen: Makt og miljø. Universitetsforlaget 1989.
Nettlenkjer