Rest i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein rest i matematikk er ein talstorleik som vert att ved subtraksjon eller ved divisjon som ikkje går opp.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Om a og d er heiltal, og d er ulik mull, så er resten eit heiltal r slik at a = qd + r for eit heiltal q, og med |r| < |d|.

Definert på denne måten er det to mogelege restar. Til dømes kan ei deling av −42 med −5 uttrykkast som anten

−42 = 9×(−5) + 3

eller

−42 = 8×(−5) + (−2).

Så resten kan vere anten 3 eller −2.

At ein kan få to restar kan ha alvorlege følgjer i ei utrekning, særleg gjort av datamaskinar, sidan eit feil val kan få store følgjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]