Retardar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvervelstraumsretardar.

Retardar er ein type brems som vert nytta på lastebilar, lokomotiv og motorvogner. Det finst to ulike hovudtypar: kvervelstraums- og hydrauliske retardarar.

Virvelstraumretardar[endre | endre wikiteksten]

Denne typen har ei skive av ikkje-ferromagnetisk materiale som roterer i eit magnetfelt. Når skiva roterer i magnetfeltet vert det indusert elektriske kvervelstraumar i skiva. Kvervelstraumane i skiva genererer eit magnetfelt med motsett retning av det opphavlege, som bremsar skiva. Ved å regulera styrken på magnetfeltet kan ein variera bremsemomentet. På grunn av den elektriske motstandenen i materialet oppstår det eit ohmsk tap i skiva, slik at ho vert tilført termisk energi. Denne energien må overførast til lufta for at skiva ikkje skal få for høg temperatur. Skiva har difor kjøleribber for å auka overføringa av termisk energi til lufta. Tidlegare hende det at kvervelstraumsbremsar fekk så høg temperatur at dei vart raudglødande og kunne setta fyr på oljesøl og feitt på køyretøyet. I ein periode var dei difor ikkje tillatne på lastebilar som frakta brann- eller eksplosjonsfarleg last[treng kjelde].

Hydraulisk retardar[endre | endre wikiteksten]

Ein hydraulisk retardar har eit oljefylt hus med ein rotor. Rotoren slenger oljen inn i ein stator festa til huset. Statoren har profilar som fører oljestraumen tilbake til rotoren, der han på nytt vert slengt ut i statoren på grunn av sentrifugalkrafta. Dette fører til eit effekttap ved at oljen vert tilført termisk energi. På same måte som i kvervelstraumsretardar må den termiske energien overførast til lufta for at temperaturen ikkje skal verta for høg. Dette kan delvis skje ved hjelp av kjøleribber på huset eller ved hjelp av ein oljekjølar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]