Rettens Gang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rettens Gang er ein publikasjon som har kome ut sidan 1933. Sidan 1950 har Den Norske Advokatforening vore utgjevar. Den inneheld utvalde rettsavgjerder frå norske lagmannsrettar og tingrettar.

Avgjerdene i Rettens Gang er underrettsdommar, og har difor avgrensa vekt som rettskjelde. Likevel blir det ofte vist til slike avgjerder i juridisk litteratur og i rettspraksis, gjerne i samband med rettsspørsmål som ikkje har blitt avgjorde i Høgsterett. Det blir då vist til års- og sidetal i Rettens Gang, og ofte kva for ein domstol avgjerda er frå, til dømes «RG 1978 s. 442 (Eidsivating)».

Alle avgjerder som er tekne inn i Rettens Gang er tilgjengelege på Lovdata.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]