Rettferdig Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rettferdig Russland


LandRussland
Partileiar(ar)Sergej Mironov
Grunnlagt28. oktober 2006
HovudkvarterMoskva
IdeologiSosialdemokrati, Liberal sosialisme, populisme, venstrenasjonalisme, sosialkonservatisme, demokratisk sosialisme, russisk nasjonalisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonsentrum-venstre

Rettferdig Russland: Moderland/Pensjonistar/Liv, russisk Справедли́вая Росси́я: Ро́дина/Пенсионе́ры/Жизнь (Spravedlivaja Rossija: Rodina/Pensionery/Zjizn) er eit politisk parti i Russland. Partiet vart stifta 28. oktober 2006 då dei tre partia Rodina, Det russiske pensjonistpartiet (Rossijskaja partija pensionerov) og Det russiske livspartiet (Rossijskaja partija zjizni) slo seg saman. Rodina var det einaste av desse tre partia som var representert i dumaen frå før. Det nye partiet har erklært seg som eit støtteparti for president Putin.[1] Formelt vart samanslåinga gjennomført ved at Rodina endra namn, og medlemene av dei to andre partia vart oppmoda om å melda seg inn i det nye partiet. Leiaren for det nye partiet vart Sergej Mironov, som tidlegare var leiaren for Livspartiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Rettferdig Russland