Revebjølle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Revebjølle |
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Familie: | Sc rophulariaceae (Maskeblomsterfamilien) | |
| Slekt: | Digitalis L. | |
| Art: | D. purpurea | |
| Vitskapleg namn | ||
| Digitalis purpurea | ||
Revebjølle (Digitalis purpurea) er ein meterhøg toårig staude av maskeblomsterfamilien.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
Revebjølla har rundtagga håra blad, nervane trer klårt fram på undersida. Blomsterkrona, som har form som ei bjølle, er purpurraud, blomstrane er dunhåra innvendig. Vanlig høgd er om lag 70 cm, men ho kan verte opptil halvannan meter.
[endre] Utbreiing
Revebjølla er ein utprega oceanisk art som i Noreg veks naturleg i kyst- og fjordstrok frå Eidanger til Nord-Frøya , Verran og Leka; i Odda opp til 700 m.o.h. I Sverige veks ho i Bohuslän; elles finst ho forvilla i begge landa.
Utenom Norden finst revebjølla på dei britiske øyane og langs Atlantarhavskysten av Vest-Europa. I Middelhavet veks ho på Korsika og Sardinia.
Revebjølla veks på tørr jordbotn i skogbryn, gjerne på hogstfelt i lauvskog.
[endre] Kultur
Revebjølla er ein giftplante som frå gammalt har vore bruka til lækjemiddel, både i folkemedisinen og sidan i lækjevitskapen. Giftstoffa digitoxin, gitoxin og gitalin påverkar hjarteaktiviteten. Til medisinsk bruk vert blad av planten samla under blomstringa og tørka; 2-3 g kan vere døydeleg dose. Symptom på forgifting er oppkast, auka blodtrykk, blåfarging av huda, synsforstyrringar, krampe og hjarteflimmer.
Revebjølla er fylkesblomster i Sogn og Fjordane.
[endre] Kjelder
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- C.A:M. Lideman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8