Rezovska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rezovska
Mutludere
elv
Den bulgars-tyrkiske grensa ved munningen til Rezovska
Land  Tyrkia,  Bulgaria
Nedslagsfelt 738 km²
Lengd 112 km
Kjelde Fjellet Strandzja
Munning Svartehavet
 - koordinatar 41°58′59″N 28°1′46″E / 41.98306°N 28.02944°E / 41.98306; 28.02944
Kart
Rezovska
41°52′53″N 27°33′18″E / 41.881388888889°N 27.555°E / 41.881388888889; 27.555
Wikimedia Commons: Rezovo River

Rezovska (òg kalla Rezovo og Rezvaja; bulgarsk Резовска река, Rezovska reka; tyrkisk Mutludere) er ei elv som renn i Bulgaria og Tyrkia. Ho har ei lengd på 112 km og har sitt utspring i den tyrkiske delen av fjella Strandzja aust for Kofçaz med namnet Paspalderesi. Ho renn hovudsakleg austover, og etter Paspala vert ho ei grenseelv mellom dei to landa, før ho munnar ut i Svartehavet ved Rezovo, som er det sørlegaste punktet på den bulgarske svartehavskysten, og det nordlegaste punktet langs kysten av Tyrkia. Rezovska har eit nedslagsfelt på 738 km², der 555 er i Tyrkia. Den største sideelva hennar er Velika.[1] Arkivert 2007-12-02 ved Wayback Machine.[2]

Det var lenge strid mellom Bulgaria og Tyrkia kor grensa gjekk i området rundt munningen av Rezovska, og dette vart løyst på 1990-talet. Som eit resultat av avtalen mellom dei to landa frå 6. mai 1992 (stadfesta av Bulgaria i 1998), fekk Bulgaria eit lite landområde på fleire kvadratkilometer i Rezovobukta i byte mot eit vassareal på kontinentalsokkelen. [3] Arkivert 2007-10-11 ved Wayback Machine.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]