Rheasilvia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rheasilvia dekkjer nesten heile området som er synleg av Vesta på dette Dawn-biletet

Rheasilvia er eit krater på asteroiden Vesta med ein diameter på 505 kilometer.[1] Det er det største krateret på asteroiden og dominerer sørpolen hans. I sentrum av krateret er det eit 200 kilometer vidt og 20 kilometer høgt (rekna frå kraterbotnen) fjell.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Impact Crater And Basin Morphologies On Vesta In Solar System Context» - artikkel av Paul M. Schenk, D. P. O'Brien, J. Vincent, S. Marchi, D. Williams og M. Sykes i American Astronomical Society
  2. «PIA15322: 3-D Image of the Central Complex in Vesta's Rheasilvia Impact Basin» - NASA Photojournal